Min Shan eller Minfjella (kinesisk skrift 岷山, pinyin Min Shan) er ei fjellkjede i sentrale Kina. Ho går i grove trekk frå nord til sør gjennom det nordlege Sichuan (dvs. den austlege delen prefekturet Ngawa), dei nærliggande områda ved Mianyang og den sørlegaste delen av Gansu. Den største toppen er Xuebaodingfjellet ('Snøskattetopp'), som er 5588 m høgt, den nest høgaste er Vesle Xuebaoding på 5443 m.

Min Shan
fjellkjede
Land  Folkerepublikken Kina
Kart
Min Shan
32°40′00″N 103°49′59″E / 32.6667°N 103.833°E / 32.6667; 103.833
Wikimedia Commons: Min Mountains

Geografi endre

 
Xuebaoding, den høgaste toppen i Minfjella.

Minfjellkjeda er ei sørleg forlenging av Kunlunfjella, som skil dalstrøka langs to av elvene i Sichuan: Minjiang (mot vest) og Jialing (mot aust). Begge elvene renn mot sør, og dei er bielver til Yangtze.

Min Shan er òg ein del av eit større fjellområde:

  • Amne Machin: Kjeda, som ligg langt mot vest, var kjend i fortida som Jishifjellet (積石山, 积石山, Jīshíshān), ein del av Kunlunfjella.
  • Xiqingfjella (西倾山): Den nordlege kjeda.
  • Qionglaifjella: Den midterste delen av kjeda vest for Minelva.
  • Motianfjella: Den austlegaste utløparen, som heng saman med Daba Shan.

Historie endre

Ifølge historieverket Shiji trengde Xia-dynastiet over denne fjellkjeda så tidleg som 2000 f.Kr.[1]

Lazikoupasset, ein stad med strategisk tyding under den lange marsjen, går gjennom Minfjella og bind saman det nordvestlege Sichuan med det sørlege Gansu.

Natur endre

Det karakteristiske økosystemet i Minfjella og Qionglai Shan (som ligg lenger mot vest, skilt frå Minfjella av Minelvedalen) blir definert av World Wildlife Funn som Qionglai-Minshan conifer forests.[2]

 
Fossar ved Huanglong

Viktige naturvernstader og turistmål i Minfjella er Jiuzhaigou-dalen, eit naturreservat i Jiuzhaigou fylke og Huanglong i Songpan fylke. Desse er begge oppførte på UNESCO si verdsarvsliste.

Kjelder endre

  1. Ssu-Ma-Chien: The Grand Scribe's Records: The Basic Annals of Pre-Han China, bd. 1, 1995, ISBN 9780253340214 side 27 (oms. av William H. Nienhauser)
  2. Panda.org: Hengduanshan coniferous forests