Jiuzhaigou (tradisjonell kinesisk 九寨沟, pinyin Jiǔzhàigōu) er eit dalområde med status som naturreservat og nasjonalpark i prefekturet Ngawa i det nordlege Sichuan, ein provins i det sørvestlege Kina.

Jiuzhaigou
九寨沟风景名胜区
'Jiuzhaigou-dalen sceniske og historiske interesseområde'
nasjonalpark
Femblome-vatnet i Jiuzhaigou
Land  Folkerepublikken Kina
Fylke Jiuzhaigou fylke
Provins Sichuan
Kart
Jiuzhaigou
33°12′N 103°54′E / 33.2°N 103.9°E / 33.2; 103.9
Wikimedia Commons: Jiuzhaigou Valley

Dalen ligg i fjellkjeda Min Shan, heilt i utkanten av Tibetplatået, og dekker eit areal på i kring 720 km². Han er kjend for sine mange fossar, som fell i fleire høgder, sine fargerike vatn og snødekte fjelltoppar. Høgda varier frå 2 000 til 4 500 meter over havet.

Jiuzhaigou blei teke med på UNESCO si verdsarvliste i 1992, og på verdas biosfærereservat i 1997.[1] Han høyrer til kategori V (Verna landskap) i IUCN-systemet for kategorisering av verneområde. Turistområdet er klassifisert som eit AAAAA naturskjønt område av den nasjonale turismeadministrasjonen i Kina.[2]

Geografi

endre
 
Kart over Jiuzhaigou
 
Femblomevatnet har gamle falne tre på botnen.

Jiuzhaigou ligg i sørenden av fjellkjeda Minshan, 330 km nord for provinshovudstaden Chengdu. Han høyrer til Jiuzhaigou fylke (tidlegare Nanping fylke) i Ngawa autonome prefektur nordvest i Sichuan, nær grensa til Gansu.

Dalen strekkjer seg over 720 km², med buffersoner over 600 km² i tillegg. Høgda til området går frå 1998 til 2140 moh. (ved munningen av Shuzheng-kløfta) til 4558-4764 moh. på fjellet Ganzigonggai ved toppen av Zechawa-kløfta.

Klimaet er subtropisk til temperert monsun med ein gjennomsnittleg årstemperatur på 7,8 °C, med −3,7 °C i januar og 16,8 °C i juli.[3] Total årleg nedbør er 761 mm, men i tåkeskogområda er det minst 1000 mm.[3] 80 % av regnfallet skjer mellom mai og oktober.[3]

Geologi og hydrologi

endre

Landskapet i Jiuzhaigou er danna av høge karstformasjonar danna av brear og hydrologiske og tektonisk aktivitet. Det ligg på store forkastingar langs det divergerande beltet mellom Qinghai-Tibet-plata og Yangtze-plata, og jordskjelv har også forma landskapet. Berglaga er for det meste karbonathaldige bergartar som dolomitt og tufa, og noko sandstein og leirskifer.

Dalen omfattar nedslagsfeltet til tre kløfter, som er store nok til å ofte bli kalla dalar sjølv. Han er ei av kjeldene til Jialing-elva via Bailong-elva, og er del av elvesystemet til Yangtze.

Eit av dei best kjende fenomena frå Jiuzhaigou er dusinvis blå, grøne og turkise vatn. Dei lokale tibetanarane kallar dei haizi på kinesisk, som tyder 'son av havet'. Vatna har opphav i breaktivitet, blei demma opp av ras og andre naturfenomen, og blei så gjort permanente gjennom nedfelling av karbonat. Nokre av dei har høg konsentrasjon av kalsiumkarbonat, og vatnet er svært klart, slik at botnen ofte er synleg til og med ved store djupner. Fargen på vatna kan variera ut frå djupne, kjemisk samansetjing og miljøet rundt.

Nokre av dei mindre stabile demningane og formasjonane er blitt kunstig forsterka, og direkte kontakt med vatna og andre formasjonar er forbode for turistar.

Økologi

endre
 
Nashornvatnet, eit av Nuorilang-vatna, er det nest største i dalen.

Økosystemet i Jiuzhaigou er klassifisert som temperert lauvskog med blanda fjell- og høglandsystem. Rundt 300 km² av det sentrale sceniske området er dekt av urørt lauv- og barskog. Desse skogane får sterke haustfargar i gult, raudt og oransje om hausten, slik at dette er ei populær årstid for turistar. Det finst ei rekkje planteslag av interesse, som stadeigne variantar av rhododendron og bambus.

Lokalt dyreliv omfattar kjempepanda og gyllen stumpnaseape. Begge populasjonane er særs små, med mindre enn 20 individ for pandaane, og isolerte. Framtida deira i dalen er usikker grunna den aukande turismen. Dalen er ein av berre tre kjende stader der ein finn den truga gnagararten Proedromys bedfordi.[4] Ein har registrert 223 ulike fugleartar i Jiuzhaigou,[5] mellom anna den truga flugesnapparen Larvivora ruficeps, trekryparen Certhia tianquanensis, tretåbuttnebb, blyfasan og blodfasan.[6]

Historie

endre
Jiuzhaigou
 
'Dalen av ni befesta landsbyar' (Jiuzhaigou) med forenkla kinesisk (øvst), tradisjonell kinesisk (midten) og tibetansk skrift (nedst).
Kinesisk namn
Forenkla kinesisk九寨沟
Tradisjonell kinesisk九寨溝
Bokstaveleg tyding'Ni befesta landsbyar-dalen'
Tibetansk namn
Tibetanskགཟི་རྩ་སྡེ་དགུ
Jiuzhaigou
LandKina
 Innskriven ved UNESCOs 16. sesjon i 1992.
Referansenr. 637.
Kriterium:(VII)(VII)
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffJiuzhaigou ved unesco.org


Jiuzhaigou tyder bokstaveleg 'Ni befesta landsbyar-dalen' etter ni tibetanske busetnader i dalen. Det avsondra området var folkesett av tibetanarar og qiangfolk i fleire hundreår. Fam til 1975 var det dårleg kjend av omverda.[3] Det blei drive intensiv hogst her fram til 1979, då styresmaktene la ned forbod mot det. Staden blei gjort til nasjonalpark i 1982. Det blei skipa eit administrasjonsbyrå og området blei offisielt opna for turisme i 1984. Infrastruktur og reglar for vitjande blei fullført i 1987.

7 av dei 9 tibetanske landsbyane er framleis folkesette. I 2003 var det permanente folketalet i dalen rundt 1000, fordelt på 112 familiar.[3] Grunna vernestatusen til parken er ikkje jordbruk tillate meir, så dei lokale innbyggjarane lever av turisme og statlege subsidiar.

Dei viktigaste busetnadane som er lett tilgjengelege for turistar er Heye, Shuzheng og Zechawa som ligg langs hovudvegane brukte av turistar. Her blir det selt ulike handverksprodukt, suvenirar og mat. Andre busette stader er Rexi i den mindre Zaru-dalen, medan bakom Heye ligg landsbyane Jianpan, Panya og Yana. Guodu og Hejiao er ikkje lenger folkesette. Penbu, Panxing og Yongzhu ligg langs vegen som går gjennom byen Jiuzhaigou/Zhangza utanfor dalen.

Turisme

endre
 
Nuorilang-fossane er 320 meter vide

Sidan opninga har turistaktiviteten auka kvart år, frå 5 000 i 1984 til 170 000 i 1991, 160 000 i 1995, til 200 000 i 1997, av dei rundt 3 000 utlendingar. Talet på vitjande i 2002 var 1 190 000.[7] I 2004 hadde området i gjennomsnitt 7 000 vitjande kvar dag, der ein skal ha hatt eit maksimumstal på 12 000 i høgsesongen.[3] Byen Zhangzha ved utgangen av dalen og Songpan fylke i nærleiken har eit aukande tal hotell, medrekna fleire femstjernehotell.

Utviklinga knytta til masseturisme i regionen har ført til frykt om innverknaden på miljøet rundt parken.[8]

Zharu-dalen (扎如沟, Zhārú Gōu) går søraust frå Shuzheng-kløfta. Han byrja ved Zharu buddhistkloster og endar ved Raudvatnet, Svartvatnet og Dalingvatnet.

Zharu-dalen har tradisjonelt ikkje blitt vitja så mykje av turistar, men blei opna for økoturisme i 2009. Medan det tidlegare ikkje var høve til å leggja ut på eigne turar i nasjonalparken her, er det her høve for eit mindre tal å dra på guida fotturar og camping.[9]

Hovudruta følgjer pilgrimsruta til dei lokale benbo-buddhistane rundt det heilage fjellet Zha Yi Zha Ga på 4,528 m.[10]

Samferdsle

endre

Samanlikna med mange populære sceniske stader i Kina er Jiuzhaigou vanskeleg tilgjengeleg. Dei fleste turistane kjem til dalen ved hjelp av ei ti timar lang bussreise frå Chengdu langs Min-elvdalen, ein canyon der det kan skje små steinras og, i regntida, leirras, som kan gjera turen fleire timar lengre. Den nye motorvegen som blei bygd langs denne ruta blei hardt skadd i jordskjelvet i Wenchuan 2008, men er sidan blitt reparert. Nasjonalparkane Jiuzhaigou og Huanglong blei ikkje skadde i jordskjelvet, og blei ikkje stengde etter hendinga.

Sidan 2003 har det vore mogleg å fly frå Chengdu eller Chongqing til Jiuzhai Huanglong lufthamn, 3 448 meter oppe i fjellsida i Songpan fylke. Derfrå kan ein ta bussen ein time til Huanglong, eller ein og ein halv time til Jiuzhaigou. I 2006 blei det opna daglege flygingar til Xi'an i høgsesongen. I oktober 2009 blei det lagt til nye direkteflygingar frå Beijing, Shanghai og Hangzhou.

I august 2017 råka eit jordskjelv som målte 7,0 på Richter-skalaen Jiuzhaigou fylke, og forårsaka stor strukturell skade. Dalen blei stengd for turistar til 3. mars 2018, og så opna med avgrensingar.[11]

Chengdu–Lanzhou-jernbanen er under konstruksjon, og kjem til å ha ein stasjon i Jiuzhaigou fylke.

Kjende stader

endre
 
Femfargevatnet i Zechawadalen, med uvanleg låg vasstand etter ei tid med tørke.

Jiuzhaigou omfattar tre dalar som danna ei Y-form. Rize- og Zechawa-dalane byrja i sør og møter kvarandre i midten av området der dei dannar Shuzheng-dalen, som går nordover til utløpet av dalen. Nede i desse dalane er det bygd eit vegnett på 55 km for turistbussar, i tillegg til plankevegar og små paviljongar for gåande. Plankevegane ligg vanlegvis på motsett side av vatna til vegane, slik at ein ikkje blir forstyrra av passerande bussar.

Dei fleste vitjande tek ein buss til enden av Rize- og/eller Shuzheng-dalen, og går så nedover att til fots. Dei kan ta ein buss til neste stad om denne er for langt unna. Dei viktigaste stadene i kvar dal følgjer under.

Rize-kløfta

endre
 
Perlestimfossen er eit 310 meter vidt teppe av vatn.

Den 18 km lange Rize-dalen (日则沟, pinyin Rìzé Gōu) er den sørvestlege delen av Jiuzhaigou. Han omfattar det mest varierte utvalet av stader å sjå, og blir typisk vitja fyrst. Om ein går nedover frå det høgaste punktet i dalen, vil ein passera:

  • Urskogen (原始森林, Yuánshǐ Sēnlín) er eit urørt skogområde. Rundt kan ein sjå fjell og klipper, mellom anna den 500 meter høge, bladforma Sverdsteinen (剑岩 Jiàn Yán).
  • Svanevatnet (天鹅海, Tiān'é Hǎi) er eit 2250 meter langt, 125 meter vidt vatn med namn etter svanene og endene ein ofte seg her.
  • Grasvatnet (草海, Cǎo Hǎi) er eit grunt vatn dekt av intrikate plantemønster.
  • Pilbambusvatnet (箭竹海, Jiànzhú Hǎi), som dekkjer eit areal på 170 000 m2, er eit grunt vatn med ei djupne på 6 m. Det ligg i ei høgd på 2618 m, og blei avbilda i den kinesiske filmen Hero frå 2002.
  • Pandavatnet (熊猫海, Xióngmāo Hǎi) har fargemønster av blått og grønt. Kjempepandaer skal ha kome hit for å drikka, men er ikkje blitt sett her på mange år. Vatnet renn ut i dei spreidde Pandafossane med fleire etasjar, som fell 78 m i tre trinn.
  • Femblomevatnet (五花海, Wǔhuā Hǎi) er eit grunt, fleirfarga vatn der ein kan sjå fleire falne trestammar på botnen.
  • Perlestimen (珍珠滩, Zhēnzhū Tān) er eit vidt, slakt hellande område der det føregår avsetting av kalkhaldig tufa i eit tynt lag vatn som renn over. Det renn ut i dei kjende Perlefossane, der vatnet fell 28 m i eit 310 meter vidt teppe. Ein scene frå tv-serien av Reisa mot vest blei filma her.
  • Spegelvatnet (镜海, Jìng Hǎi) er eit stille vatn kjend for vakre spegelbilde av omgjevnadane.

Zechawa-kløfta

endre
 
Langvatnet er det høgaste, største og djupaste vatnet i Jiuzhaigou.

Zechawa-kløfta (则查洼沟, Zécháwā Gōu) er den søraustlege delen av Jiuzhaigou. Han er omlag like lang som Rize-kløfta (18 km), men når høgare opp (3150 m ved Longvatnet). Om ein går nedover frå det høgaste punktet i dalen, vil ein passera:

  • Langvatnet (长海, Cháng Hǎi) er halvmåneforma og er det er det høgaste, største og djupaste vatnet i Jiuzhaigou, 7,5 km langt og opptil 103 m djupt. Vatnet har ikkje noko klart utløp. Det får vasstilføring frå snøsmelting og mister det gjennom at det siv ut. Ifølgje lokal folketru lever det eit monster på djupna.
  • Femfargevatnet (五彩池, Wǔcǎi Chí) er eit av dei minste vatna i Jiuzhaigou, men peikar seg ut gjennom det rikt farga undervasslandskapet og det klare vatnet. Ifølgje soger vaska gudinna Semo håret sitt her, og guden Dage kom hit kvar dag for å gje henne vatn.
  • Sesongvatna (季节海, Jìjié Hǎi) er ei gruppe av 3 vatn (Låge, Midtre og Øvre) langs hovudvegen. Dei er uttørka nokre delar av året og fulle i andre.

Shuzheng-kløfta

endre
 
Sovande drake-vatnet og Glittervatnet i morgonskodda om hausten.

Shuzheng-kløfta (树正沟, Shùzhèng Gōu) er den nordlege og hovuddelen av Jiuzhaigou. Han ender etter 14,5 km der dei tre dalane kjem saman i ei Y-form. Om ein går nedover frå det høgaste punktet i dalen, vil ein passera:

  • Nuorilang-fossane (诺日朗瀑布, Nuòrìlǎng Pùbù), nær møtepunktet til dalane, er 20 m høge og 320 m breie. Dei er eit av symbola på Jiuzhaigou.
  • Nuorilang-vatna (诺日朗群海, Nuòrìlǎng Qúnhǎi) og Shuzheng-vatna (树正群海 Shùzhèng Qúnhǎi) er ein serie på 18-19 vatn i trinn opphavleg danna av brear. Nokre av dei har eigne namn, som Nashorn-, Ukjende- og Tigervatnet.
  • Sovande drake-vatnet (卧龙海, Wòlóng Hǎi) er ein av dei lågare vatna i området. Med ei djupne på 20 m er han kjend for det tydeleg synlege kalksteinsdiket som renn gjennom han. Forma på dete kan sjå ut som ein drake som ligg på botnen.
  • Sivvatnet (芦苇海, Lúwěi Hǎi) er eit 1375 meter langt sivdekt myrvatn med ein klar, turkisfarga bekk kjend som Jadebandet som renn gjennom det. Kontrasten er særleg slåande om hausten, når siva blir gyllengule.

Andre

endre
  • Alvedammen (神仙池, Shénxiān Chí) ligg 42 km vest for Jiuzhaigou og har travertindammar som liknar på dei i Huanglong i nærleiken.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «Jiuzhaigou Valley Scenic and Historic Interest Area». UNESCO World Heritage Centre (på engelsk). Henta 16. august 2017. 
  2. «AAAAA Scenic Areas». China National Tourism Administration. 16. november 2008. Arkivert frå originalen 4. april 2014. Henta 9. april 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «JIUZHAIGOU VALLEY SCENIC & HISTORIC INTEREST AREA SICHUAN, CHIN» (PDF). UNEP/WCMC. Arkivert frå originalen (PDF) 5. mars 2012. Henta 8. november 2011. 
  4. Smith, A.T.; Johnston, C.H. (2008). «Proedromys bedfordi». IUCN Red List of Threatened Species 2008. Henta 10. juli 2009. 
  5. «Wildlife - Jiuzhai Valley National Park», en.jiuzhai.com, henta 12. juni 2021 
  6. Francis, Sid, «Jiuzhaigou», sichuanbirding.cloudaccess.net (på engelsk), henta 12. juni 2021 
  7. «NATIONAL AND REGIONAL NETWORKS OF MARINE PROTECTED AREAS: A REVIEW OF PROGRESS». UNEP/WCMC. Arkivert frå originalen 30. januar 2009. Henta 4. februar 2020. 
  8. Sean Gallagher. Development vs. Protection: The South-West's Struggle Arkivert 2016-05-20 ved Wayback Machine.. pulitzercenter.org
  9. «Jiuzhai Valley National Park – Eco-tourism», www.jiuzhai.com, henta 11. juni 2021 
  10. «Jiuzhai Valley National Park – Park Information: History, culture and religion», www.jiuzhai.com, henta 11. juni 2021 
  11. «Australian Government Travel Advice for China». Smartraveller.gov.au (på engelsk). Henta 3. desember 2017.