Muskovitt, kaliglimmer eller lys glimmer KAl2(AlSi3O10)(F,OH)2, òg kalla kaliglimmer, er ein lys glimmer i glimmergruppa. Muskovitt blir òg kalla kråkesølv, fordi den er eit glinsande, halvvegs gjennomskineleg mineral som dannar blada, tette aggregat. Det er eit mykje utbreidd mineral, og blir utvunne frå pegmatittgangar, tidlegare òg i Noreg. Det blir òg framstilt kunstig. Det blir nytta som elektrisk isolasjonsmateriale.

Muskovitt

Muskovitt med albitt frå Docedalen i Minas Gerais i Brasil (dimensjonar: 6×5.3×3.9 cm)
Generelt
KategoriSilikatmineral, fylosilikat
Kjemisk formelKAl2(AlSi3O10)(F,OH)2
Strunz-klassifisering09.EC.15
Dana-klassifisering71.02.02a.01
Krystallsymmetri2/m – prismatisk
Einingscellea = 5,199 Å, b = 9,027 Å, c = 20,106 Å, β = 95,78°; Z = 4
Identifikasjon
FargeKvit, grå, sølvaktig
KrystallformMassiv til plateaktig
KrystallsystemMonoklin (2/m), Romgruppe C 2/m
TvillingVanleg på [310], mindre vanleg på {001}
Kløyvperfekt på {001}
BrotGlimmeraktig
FastleikElastisk
Mohs hardleiksskala2–2,5 parallell til {001}
4 rettvinkla til {001}
Glansglasaktig, silkeaktig, perleaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2,76–3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1,552–1,576
nβ = 1,582–1,615
nγ = 1,587–1,618
Dobbeltbrytingδ = 0,035–0,042
PleokroismeSvak når farga
Dispersjon (spreiing)r > v svak
Ultrafiolett fluorescensIngen
Kjelder[1][2][3]

Mohs hardheitskala er muskovitt 2–2,25 parallelt med [001]-planet, 4 perpendikulært på [001]-planet og ein spesifikk gravitet på 2,76–3. Det kan vere fargelaust eller ha eit skin av grått, brunt, grønt, gult, eller meir sjeldsynt fiolett eller raudt, og kan vere transparent eller translusent. Det er anisotropisk og har ei høg dobbeltbryting. Krystallsystemet er monoklinisk. Den grøne, krom-rike varianten går under namnet fuchsitt; maripositt er òg ein krom-riik type av muskovitt.

Muskovitt med beryl (var. morganitt) frå Paprok i Afghanistan (dimensjonar: 5,9×4,8×3,4 cm)
Muskovitt frå ein utvekst på ein pegmatitt, Patapsco River i Baltimore County i Maryland

Muskovitt er det mest vanlege glimmeret. Ein finn det i granitt, pegmatitt, gneis og glimmerskifer, og som kontakt i metamorfiske bergartar eller som eit sekundærmineral som resultat av endring av topas, feltspat, kyanitt, osv. I pegmatitt opptrer det ofte som svære flak som har kommersiell verdi. Muskovitt er etterspurd som brannhemmande materiale og isolasjonsmateriale og i noko grad som smørjemiddel.

Etymologi endre

Namnet «muskovitt» kjem av engelsk og det latinske ordet Muskovia, som er eit eldre namn på storfyrstedømmet Moskva, der mineralet skal ha blitt nytta som vindaugsglas.

Kjelder endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Muskovitt