Mitt vesle land

(Omdirigert frå Mitt lille land)

«Mitt vesle land» eller «Mitt lille land» er ein song av Ole Paus frå promo-albumet med same namn. Sondre Bratland har framført ein nynorsk versjon av songen. Songen har blitt omtalt som ei lyrisk skildring av Noreg. Den vart populær etter terrorangrepa i Noreg i 2011, noko som førte til at songen blei omtalt som «den nye nasjonalhymnen».[1] Uttrykket «mitt lille land» har òg gått inn i språket som eit kallenamn på Noreg.[2]

Cover-versjonar endre

Songen har blitt nytta som melodi på TV 2 Nyhetenes profilerande filmar siden starten av 1990-talet, med cover-versjoner av mellom andre Sondre Bratland, Christine Guldbrandsen, Maria Solheim, Thomas Dybdahl, Mari Boine (på samisk), Anne Grete Preus, Haddy N'jie, Kurt Nilsen, D.D.E., Sølvguttene, Tone Damli Aaberge og Maria Mena.[3]

Terrorangrepet 2011 endre

Etter terrorangrepa i Noreg i 2011 vart songen særs populær.[4] Maria Mena la ut sin coverversjon av songen på Facebook,[5] som ho i samarbeid med TV 2 laga «til minne og trøst»,[6] mens Ole Paus' originalversjon klatra nesten til toppen av iTunes si nedlastingsliste.[7]

Minnekonserten «Mitt lille land» endre

NRKs minnekonsert i Oslo domkyrkje laurdag 30. juli hadde tittelen «Mitt lille land», med songen «Mitt lille land» framført av Maria Mena.[8][9]

Referansar endre