Moissanitt er eit mineralogisk namn på silisiumkarbid (karborundum), SiC. Det finst mellom anna i meteorittar.

Moissanitt

Generelt
KategoriMineral
Kjemisk formelSiC
Strunz-klassifisering01.DA.05
Identifikasjon
FargeGjennomsiktig, grøn, gul
KrystallformGenrelt funne som inklusjonar i andre mineral
KrystallsystemVanlegast: 6H heksagonal (6mm), Romgruppe: P63mc
Kløyv(0001) utydeleg
BrotMuslig – brot utvikla i sprø materiale karakterisert av glatte, kurvande flater
Mohs hardleiksskala9.5
GlansDiamantaktig til metallisk
Strekfargegrønaktig grå
TransparensGjennomsiktig
Spesifikk vekt3.218–3.22
Optiske eigenskapar
Brytingsindeksnω=2.654 nε=2.967, dobbeltbryting 0.313 (6H form)
Ultrafiolett fluorescensgrøn eller gul
Smeltepunkt2730 °C (bryt ned)
Oppløyselegheitingen
Andre eigenskaparIkkje radioaktiv, ikkje-magnetisk
Kjelder[1][2][3]

Syntetisk moissanitt kan brukast som similidiamant, og kan vere svært vanskeleg å skilje frå diamant for ein lekmann.

Mineralet vart oppdaga av Henri Moissan då han undersøkte steinprøvar frå eit meteorittkrater i Canyon Diablo i Arizona i 1893. Han trudde først feilaktig at det var diamantar, men i 1904 identifiserte han krystalla som silisiumkarbid.[4]

Kjelder

endre
  1. Moissanite at Webmineral
  2. Moissanite at Mindat
  3. Moissanite in Handbook of Mineralogi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2016, henta 4. august 2014 
  4. Xu J. and Mao H. (2000). «Moissanite: A window for high-pressure experiments». Science 290 (5492): 783–787. Bibcode:2000Sci...290..783X. PMID 11052937. doi:10.1126/science.290.5492.783. 

Bakgrunnsstoff

endre