Molde videregående skole

Molde videregående skole er ein vidaregåande skole med musikk, media og kommunikasjon, formgjevingsfag, realfag, samfunnsfag og språkfag. I daglegtale blir han kalla «Gymnaset».

Molde videregående skole
KommuneMolde kommune
Nettstadmolde.vgs.no//
Kart
Molde videregående skole
62°44′22″N 7°09′51″E / 62.739493°N 7.164293°E / 62.739493; 7.164293
Molde videregående skole
Foto: Løken

Kvart år sett nokre av elevane opp eit skodespel og ein russerevy, medan alle ved studieretninga for musikk, dans og drama – som blir driven saman med Molde kulturskole – tredje kvart år sett opp ein musikal.

Historie endre

Skulen blei skipa som mellomskule i 1832. I 1863 fekk han rang som «lærd skole», kor elevane kunne avleggje examen artium.

Ein av dei tidlege elevane, Bjørnstjerne Bjørnson, kalla mellomskulen «en liden, meget pyntelig skole / på hvilken både kirke og stat kunde stole». Da han drog frå byen 17 år gammal, var det med orda «Nu farvel! fordømte Skole / Nu farvel! mit Fængselshul» i hugen.

Frå 1880-åra er det kjent at skulen hadde eit gymnasiastsamfunn med eiga elevavis, kor mellom andre Johan Scharffenberg skreiv.

Skulebygg endre

I skuletida til Bjørnson på 1840-talet låg skulebygningen ved elvemunningen. Sidan 1925 har skulen lege rett nordvest for Øvre bru, vis-à-vis den tidlegare folkeskulen (som no er vekk). Forutan hovudbygningen i empirestil, som framleis er i bruk, har fleire bygg kome til etter kvart.

Tidlegare namn endre

  • Molde Middel & Realskole (nemnt 1861)
  • Molde Lærd- og Realskole (nemnt 1872)
  • Molde latingymnasium og middelskole (nemnt 1879)
  • Molde middelskole og latingymnasium (nemnt 1887)
  • Molde kommunale høgre ålmennskule (1929–)
  • Molde vidaregåande skole (nemnt 1994)

Nokre rektorar endre

Kjende tidlegare elevar endre

Kjelder endre

  • Kjell Ove Nybø Hattrem: «Professor Jacob Tanner forteller fra si ungdomstid i Molde (i samtale med Per Amdam og Nils Parelius)», i Årsskrift (Romsdal sogelag, Molde 1997)