Opna hovudmenyen

Endre Ruset (fødd 24. oktober 1981 i Molde) er ein norsk forfattar busett i Bergen. Han debuterte som diktar i 2001. Tematikken i poesien, som er sparsam på rim og teiknsetjing, dreier seg gjerne kring barndom, mellommenneskelege forhold og erotikk.

Endre Ruset
Fødd 24. oktober 1981
Molde
Yrke forfattar, lyrikar

Ruset er utdanna ved Molde videregående skole, Buskerud Folkehøgskole, Skrivekunst-akademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen.

Han har som sin far, forfattaren Arne Ruset, vore involvert i Bjørnsonfestivalen sidan byrjinga i 1992. I 2005 vart han tildelt Bjørnsonstipendet.

BøkerEndra

  • Signaler 01 (Cappelens årlige litterære revy) – diktbidrag (Cappelen 2001)
  • ribbeinas vingespenn – dikt (Gyldendal 2001)
  • kims lek – dikt (Gyldendal 2005)

BakgrunnsstoffEndra