Mona Christine Holm (fødd 5. august 1983) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kolvereid i Nord-Trøndelag som utmerkte seg i sleggjekasting. Ho vart norsk meister i øvinga ni år i rad, 2004-12. Holm var medlem i Norna/Salhus og seinare IK Tjalve.

Mona Holm

Aktiv endre

Holm kom på andreplass i sleggjetevlinga for kvinner i NM 2002 og 2003. Frå 2004 til 2012 var ho Noregs suverent beste i øvinga og vann samtlege sleggje-gull i desse ni åra. Ho vart tildelt kongepokalen for vinnarkastet under NM i friidrett 2007 og på ny under NM i friidrett 20011 i Byrkjelo. Under meisterskapen i Byrkjelo den 13. august smekka ho til med heile 70,43 meter, gjeldande norsk rekord til 2019-sesongen.

Holm deltok i EM i friidrett 2006, VM i friidrett 2007, EM i friidrett 2010, VM i friidrett 2011 og EM i friidrett 2012, utan nokon gong å kvalifisere seg til finale.

Elles var Holm ein habil diskoskastar som sikra seg bronsemedaljen i øvinga under NM 2004 og NM 2010.

Norske rekordar endre

Resultat Stad Land Dato År
60,92 m Szombathely   Ungarn 30. mai 2004
60,92 m Reykjavík   Island 19. juni 2004
62,19 m Gävle   Sverige 19. juni 2005
62,82 m Bergen   Noreg 20. august 2005
63,39 m Banská Bystrica   Slovakia 18. juni 2006
64,50 m Helsingborg   Sverige 30. juni 2006
64,89 m Bottnaryd   Sverige 2. juli 2006
67,80 m Halle   Tyskland 19. mai 2007
67,96 m Tønsberg   Noreg 6. juni 2010
70,43 m Byrkjelo   Noreg 13. august 2011

Personlege rekordar endre

Øvelse Lengde År
Sleggekast 70,43 2011
Diskoskast 47,85 2001

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Plassering Øving År
Gull Slegge 2004, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012
Sølv Slegge 2002, 2003, 2014, 2016
Bronse Diskos 2004, 2010

Kjelder endre