Mongefossen er den femte høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Sidan han berre har eitt fall er han òg den fossen i Europa med lengst fall.[1] Han ligg i sjølve Romsdalen i Rauma kommune i Møre og Romsdal, mellom Fladmark og Marstein.

Mongefossen
foss
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Rauma
Fossetype Hestehale
Elv Monge
Totalt fall 773 m
 - Lengste fall 773 m
 - Midla breidd 23 m
Tal på fall 1
Status Regulert
Verdsrangering 15. høgaste i verda og 3. lengste fall i verda.
Kart
Mongefossen
62°26′34″N 7°53′43″E / 62.4428°N 7.8953°E / 62.4428; 7.8953
Wikimedia Commons: Mongefossen

Fossen er regulert til kraftutbytting i Grytten kraftverk og er derfor tørrlagt store delar av året. I samband med mykje nedbør eller stor snøsmelting kan det kome vatn i fossen. Fossen ligg tett ved Raumabanen og skal vere den høgaste fossen som ein kan sjå frå ei jernbanelinje.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Mongefossen er ein hestehalefoss, som vil sei at han følgjer berget eit stykke før han kjem ut i fritt fall. NVE opererer berre med høgda på det frie fallet, som er om lag 300 meter.