Monoftongering

Monoftongering, også kalla «diftongforenkling», er eit lingvistisk fenomen for vokallydar der diftongar går over til monoftongar i visse høve. Nokre døme er /ei/ til /e/ (som «stein» til «sten»)[1] eller /øy/ til /ø/ (som «øyre» til «øre») på norsk.[2]

Gresk tekst med digrafar utheva. Dei var tidlegare diftongar, men blir no uttalte som monoftongar.

NorskEndra

norsk har fenomenet tyngdepunkt i Nord-Østerdal og langs svenskegrensaAustlandet, det vil seia at fenomenet er spreidd utover dette området men ikkje gjelde like sterkt overalt.[3]

Det vanlegaste er at ord som stein blir til sten og at aust blir til 'øst'. Meir drastiske døme er at ord som nei blir til eller at veit blir til væt (eller den svært utbreidde vet).

EngelskEndra

Nokre dialektar av engelsk er prega av monoftongering. På skotsk engelsk kan til dømes /eɪ/, som i pay, omdannast til monoftongen [e]. I USA opptrer fenomenet særleg i sørstatsengelsk og i afrikansk-amerikansk daglegtale, som monoftongering er ein av dei viktigaste markørane for.[4] I begge desse formene pleier ein til dømes å uttala diftongen /aɪ/ som i eye som ein lang monoftong, [äː].

I Received Pronunciation finst ein prosess kalla smoothing der ein diftong følgd av schwa (eller moglegvis trykksvak /ɪ/) går gjennom ei rekke forenklande endringa.

Fyrst kan ein diftong endra seg til ein monoftong ved at den andre delen forsvinn og den første blir noko forlenga: /aɪ/→[aː], /aʊ/→[ɑː], /eɪ/→[eː], /əʊ/→[ɜː]. Vokalane /iː/ og /uː/, som vanlegvis blir uttalt noko diftongisk (nær [ɪi], [ʊu]), kan gå gjennom den same endringa og bli realisert som [iː], [uː].

Deretter kan den påfølgjande schwa-lyden slutta å danna si eiga staving og i staden danna ein ny diftong med den føregåande monoftongen. I nokre høve kan så denne diftongen monoftongerast att. Dermed kan dei opphavlege rekkjene /aʊ/+/ə/ og /aɪ/+/ə/ enda opp som lydane [ɑː] og [aː]. Eit ord som our, med standarduttale /ˈaʊə/, blir ofte uttalt som [ɑə] (to stavingar eller ein diftong), eller som ein monoftong [ɑː]. Ordet fire /ˈfaɪə/ kan også reduserast til [faə] eller [faː].[5]

Historiske dømeEndra

Gresk har gått gjennom monoftongering fleire gonger i historia. Til dømes blei diftongane /ei ou/ monoftongert til /eː oː/ rundt 400-talet f.Kr., og diftongen /ai/ blei monoftongert til /eː/ i koinegresk-perioden. Dermed blir ordet for 'og', και (kai) uttalt /ke:/ og 'kvar', ὅπου (opou) uttalt /ˈo.pu/.

tysk har den såkalla frühneuhochdeutsche Monophthongierung vore særleg viktig for dagens standardspråk.[6] Denne monoftongeringa endra diftongane ie [iə], uo [uə] og üe [yə] til høvesvis ie [iː], u [uː] og ü [yː]:

Døme
Før 1000-talet I dag
liebe [iə] liebe [iː]
guote [uə] gute [uː]
brüeder [yə] Brüder [yː]

Ein har halde på digrafen «ie» i skrift sjølv om ein uttaler han som ein monoftong.

Monoftongeringa i høgtysk byrja i sentrum av det tyskspråklege området på 1000-talet. Bairiske og alemanniske dialektar i sør gjekk ikkje gjennom denne monoftongeringa, og desse språkformene har dermed halde på dei eldre formene.

Fransk har gått gjennom ei monoftongering som gjer at digrafen ⟨ai⟩, som i ordet faire, tidlegare stod for ein diftong men no representer lydane /ɛ/ eller /e/. Gjennom den same prossessen har digrafen ⟨au⟩ og trigrafen ⟨eau⟩, som i pauvre og beau, kome til å representera monoftongen /o/.

KjelderEndra

  1. «monoftongering». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 24. februar 2021. 
  2. «monoftongering» i Nynorskordboka.
  3. Sonekart for diftongering, hiof.no[daud lenkje]
  4. Garcarz, Michał (2013). African American Hip Hop Slang: A Sociolinguistic Study Of Street Speech. Wrocłąw: Oficyna Wydawnicza ATUT. s. 82–83. ISBN 978-83-7432-938-5. 
  5. Wells, J.C., Accents of English, CUP 1982, s. 238ff.
  6. Waterman, J.T., A history of the German language, 1966.