Monoklint krystallsystem

Monoklint krystallsystem er eitt av sju krystallsystem innan krystallografi. I dette systemet blir krystallar skildra gjennom tre vektorar som har ulike lengd. Dei dannar eit prisme med eit parallellogram som base. To av vektorane står vinkelrett på kvarandre, medan den tredje møter dei andre i ein vinkel som ikkje er 90°.

Vinklane i ein monoklin krystall.

Døme på monokline mineral er malakitt, talk, psilomelan, azuritt og euklas.

Kjelder

endre