Psilomelan
Psilomelan eller svart hematitt er ei generell nemning for harde, massive oksidiske manganmineral. Blandingar av blaute, massive manganoksid blir kalla wad (engelsk) eller manganoker. Det er òg eit forelda namn på mineralet romanechitt, eit barium-mangan-oksidhydroksid, og eit viktig manganmalm, mellom anna i India.
Psilomelan | |||
Psilomelan | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mangan oksyds | ||
Kjemisk formel | Generell formel Ba(Mn2+)(Mn4+)8O16(OH)4 eller (Ba,H2O)2Mn5O10 Barium-manganoksid-hydroksid | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 590.03 gm | ||
Farge | svart med grå pyrolusittband | ||
Krystallform | Botryoidal, mammillær, nyreforma | ||
Krystallsystem | monoklin | ||
Kløyv | ingen | ||
Brot | muslig og ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 5.0 - 6.0 | ||
Glans | Undermetallisk, matt | ||
Strekfarge | brunsvart | ||
Transparens | Ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 3.7 - 4.7 | ||
Polert glans | glasaktig til nær diamantaktig | ||
Oppløyselegheit | i saltsyre | ||
Andre eigenskapar | hard svart manganoksid som hollanditt og romanechitt |
Kjelder
endre- Psilomelan. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/psilomelan.