Monster av Steppenwolf
Monster Studioalbum av Steppenwolf | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1969 | |
Innspelt | 1969 | |
Studio | American Recording Co. Studio, Studio City, California | |
Sjanger | ||
Lengd | 32:53 | |
Selskap | ABC Dunhill | |
Produsent | Gabriel Mekler | |
Steppenwolf-kronologi | ||
---|---|---|
Early Steppenwolf (1969) |
Monster | Steppenwolf Live (1970)
|
Singlar frå Monster | ||
Monster er det fjerde studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf. Albumet kom ut i november 1969 på ABC Dunhill Records. Det var det første albumet deira med den nye gitaristen Larry Byrom i staden for Michael Monarch. Albumet var det mest politiske albumet til Steppenwolf, med referansar til viktige tema på den tida, som Vietnamkrigen.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Rolling Stone | (negativ) [4] |
The Village Voice | B+[5] |
Albumet var det første Steppenwolf-albumet som ikkje hadde ein amerikansk topp ti-hit, sjølv om to singlar frå albumet kom inn på topp 40: «Move Over» og «Monster».[6]
Mottaking
endreKritikken av Monster har generelt vore negativ. Rolling Stone kommenterte at spelinga til dei enkelte utøvarane er «av øvste hylle», men at «arrangementa deira har vorte slurvete og rått, og dei tidlege Zappa-tekstane kolliderer kontinuerleg med musikken.»[4]
AllMusic kritiserte albumet i den retrospektive meldinga si og noterte at «desse klumpete hardrocklåtane ikkje var eit effektivt middel til å ta opp viktige politiske tema, verken politisk eller musikalsk.»[3]
På den andre sida hylla Village Voice-kritikaren Robert Christgau albumet. Christgau gav albumet terningkast B+ og kalla det «eit utmerkt comeback», sjølv om han meinte at dei forkynnande tekstane skjemde sluttresultatet noko.[5]
Record World kalla tittelsporet ein «rocka smash» der «gruppa aldri har høyrdest betre ut».[7] Record World sa om singelen «Move Over» at «Steppenwolf er attende på det beste sporet.»[8]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Monster/Suicide/America» | John Kay, Jerry Edmonton / Kay, Nick St. Nicholas, Larry Byrom, Edmonton / Kay, Edmonton | 9:15 |
2. | «Draft Resister» | Kay, Goldy McJohn, Byrom | 3:20 |
3. | «Power Play» | Kay | 5:26 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
4. | «Move Over» | Kay, Gabriel Mekler | 2:53 |
5. | «Fag» | Byrom, Edmonton, St. Nicholas | 3:13 |
6. | «What Would You Do (If I Did That to You)» | Leno Francen, Nolan Porter | 3:19 |
7. | «From Here to There Eventually» | Kay, McJohn, Edmonton | 5:27 |
Medverkande
endreSteppenwolf
endre- John Kay – vokal, munnspel, gitar
- Larry Byrom – sologitar
- Nick St. Nicholas – bassgitar
- Goldy McJohn – Hammondorgel, piano
- Jerry Edmonton – trommer og solovokal på «What Would You Do (If I Did That To You)»
Technical
endre- Gabriel Mekler – produsent
- Bill Cooper – lydteknikar
- Richard Podolor – lydteknikar
Salslister
endreAlbum
endreListe (1970) | Plassering |
---|---|
Tyske album (Offizielle Top 100)[9] | 27 |
Norske album (VG-lista)[10] | 9 |
Britiske album (OCC)[11] | 43 |
US Billboard 200[12] | 17 |
Singlar
endreÅr | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1969 | «Move Over» | US Billboard Hot 100 | 31[6] |
1969 | «Monster» | US Billboard Hot 100 | 39[6] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Monster (Steppenwolf album)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Steppenwolf-singlar».
- ↑ «Steppenwolf-singlar».
- ↑ 3,0 3,1 Monster av Steppenwolf på Allmusic
- ↑ 4,0 4,1 Rezos, Ray (7. februar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (51): 38. Henta 21. mai 2017. Archived at [1].
- ↑ 5,0 5,1 Christgau, Robert (15. januar 1970). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 17. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Steppenwolf USA chart history, Billboard.com. Henta 18. januar 2013
- ↑ «Single Picks of the Week» (PDF). Record World: 1. 20. desember 1969. Henta 4. mai 2023.
- ↑ «Single Picks of the Week» (PDF). Record World: 1. 9. august 1969. Henta 4. mai 2023.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Steppenwolf – Monster" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
- ↑ "Steppenwolf – Monster". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "19700412 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ «Billboard 200 - Steppenwolf». Henta 3. september 2017.