Musikaren John Kay

John Kay (fødd 12. april 1944 som Joachim Fritz Krauledat) er ein tysk-fødd amerikansk rockesongar, låtskrivar og gitarist, kjend som frontmann i Steppenwolf.[3]

John Kay

Kay på Lillehammer Rock Weekend i Lillehammer, 26. mai 2007
Fødd12. april 1944 (79 år)
FødestadTilsit i Aust-Preussen, Det stortyske riket
(i dag Sovetsk i Kaliningrad i Russland)[1]
FødenamnJoachim Fritz Krauledat
OpphavWaterloo i Ontario i Canada
AktivSidan 1964
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
PrisarCanadian Music Hall of Fame, Canada’s Walk of Fame

Tidleg liv endre

Han vart fødd i Tilsit i Austpreussen u Tyskland (no Sovetsk i Kaliningrad oblast i Russland).[1] Faren Fritz, fødd 13. juni 1913 i Absteinen nær Pogegen i Memelland (i dag Opstainys i Pagėgiai kommune i Litauen),[4] vart drepen ein månad før Kay vart fødd.[5]

Tidleg i 1945 flykta mora saman med han frå dei framrykkjande sovjetiske troppane under evakueringa av Aust-Preussen under tøffe vinterforhold. Toget deira vart ståande fast i nærleiken av Arnstadt, som først vart okkupert av amerikanarane, men deretter vart ein del av den austtyske sovjetiske okkupasjonssona. I 1949 kryssa dei den allereie styrkte grensa for å busetja seg i Hannover i Vest-Tyskland (som fortalt i songen «Renegade» på albumet Steppenwolf 7). Den unge Joachim, som no budde i britisk okkupasjonssone, vart først inspirert av og lærte om rock 'n' roll-musikk då han høyrde på Little Richard på radioen til det amerikanske forsvaret.[6] Då familien flytta til Toronto i 1958, hadde lærarane problem med å uttala fødselsnamnet hans, så han vart kalla John K i staden. Fem år seinare flytta dei til Buffalo i New York.

Musikalsk karriere endre

 
Kay i ein opptreden i Sør-Carolina i USA, den 1. januar 1971

.

I 1965 vart Kay invitert av den tyskfødde bassisten Nick St. Nicholas (fødd Klaus Kassbaum) til å bli med i ein bluesrock- og folkemusikkgruppe kjent som The Sparrows, som hadde moderat suksess i Canada før dei flytta til California, utvida besetninga og skifta namn til Steppenwolf i 1967. Med musikk som var banebrytande for hardrock og heavy metal hadde Steppenwolf internasjonal suksess med låtar som «Born to Be Wild», «Magic Carpet Ride», «Monster», «The Pusher» og «Rock Me».

Kay spelte inn plater både som soloartist og med Steppenwolf på slutten av 1970-talet, og avslutta Steppenwolf sitt 40. turnéår med det som skulle bli den siste konserten i oktober 2018. Kay og Steppenwolf opptredde 24. juli 2010 på den tre dagar lange musikkfestivalen HullabaLOU i Louisville i Kentucky.[7]

Prisar og utmerkingar endre

I 2004, sjølv om han aldri vart kanadisk statsborgar,[1] vart Kay innlemma i Canada's Walk of Fame som ei anerkjenning av starten på den musikalske karrieren hans i Toronto. Kay var til stades under seremonien i Toronto og gjentok den sterke kjærleiken sin til Canada.[8] Han vart òg nominert som ein del av Steppenwolf til opptak i Rock and roll Hall of Fame i 2016 for opptaksåret 2017.[9] I 2018 var Steppenwolf-songen «Born to Be Wild» ein av dei fem første platesinglane som vart innlemma i The Rock n Roll Hall of Fame.[10]

Personleg liv endre

Kay er gift med Jutta Maue, som han møtte i 1965 i Canada medan ho jobba på ein kafé der bandet til Kay, The Sparrows, spelte. Dei har ei dotter, Shawn. Paret grunnla Maue-Kay Foundation, som støttar menneskerettar og vern av dyreliv og miljø.[11]

I 2016 krediterte Kay sitt forhold til Jutta som ein del av inspirasjonen til Steppenwolf sin «Magic Carpet Ride».[12]

Sidan 2005 har Kay budd i West Vancouver i British Columbia og Nashville i Tennessee.[13]

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Steppenwolf.

Steppenwolf endre

År Album Listeplasseringar
CAN US
1968 Steppenwolf 1 6
1968 The Second 2 3
1969 At Your Birthday Party 12 7
1969 Monster 11 17
1970 Steppenwolf 7 14 19
1971 For Ladies Only 54
1974 Slow Flux 47
1975 Hour of the Wolf 155
1976 Skullduggery
1980 Live In London av John Kay og Steppenwolf
1982 Wolftracks av John Kay og Steppenwolf
1984 Paradox av John Kay og Steppenwolf
1987 Rock & Roll Rebels av John Kay og Steppenwolf 171
1990 Rise & Shine av John Kay og Steppenwolf
1996 Feed the Fire av John Kay og Steppenwolf
2004 Live in Louisville av John Kay og Steppenwolf

Solo endre

År Album Listeplasseringar
CAN AUS[14] US
1972 Forgotten Songs and Unsung Heroes 50 48 113
1973 My Sportin' Life 200
1978 All in Good Time
1987 Lone Steppenwolf (samleplate)
1997 The Lost Heritage Tapes
2001 Heretics and Privateers

Solosinglar endre

År Singel Listeplasseringar Album
CAN CAN AC CAN Country US
1972 «I'm Movin' On» 45 52 Forgotten Songs and Unsung Heroes
1973 «Moonshine (Friend of Mine)» 26 19 44 105 My Sportin' Life
«Easy Evil» 82 102

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Edwardson, Ryan. Canuck Rock: A History of Canadian Popular Music, University of Toronto Press, 2009. s. 268
  2. Greg Prato (12. april 1944). «John Kay | Biography & History». AllMusic. Henta 8. mars 2016. 
  3. Prato, Greg. «Biography: John Kay». Allmusic. Henta 9. juni 2010. 
  4. «Detailansicht». Volksbund.de. Henta 12. januar 2020. 
  5. «Empowerment of Music: guest John Kay of Steppenwolf». YouTube. Arkivert frå originalen 21. desember 2021. Henta 12. januar 2020. {
  6. «Exclusive Interview: John Kay of Steppenwolf Returns to Protect Wildlife and Human Rights». Classicrockhereandnow.com. Henta 1. juli 2023. 
  7. «HullabaLOU Line-up». Churchill Downs Entertainment Group. Arkivert frå originalen 1. januar 2011. Henta 6. juni 2010. 
  8. «John Kay». Canada's Walk of Fame. Arkivert frå originalen 14. oktober 2007. Henta 3. november 2010. 
  9. «Steppenwolf-frontmann John Kay on Rock Hall of Fame Nomination: 'It's a Surprise'». Billboard.com. Henta 12. januar 2020. 
  10. «Rock and Roll Hall of Fame innlemmer sanger for første gang, inkludert 'Born to Be Wild' & 'Louie Louie'». Billboard.com. Henta 1. juli 2023. 
  11. * Kay, John and Jutta Maue. «John Kay & Jutta Maue-Kay Bios». Mauekay.org. Henta 25. desember 2016. 
  12. {Myers, Marc (12. juli 2016). «The Story Behind Steppenwolfs 'Magic Carpet Ride'». Wall Street Journal. Henta 13. oktober 2020. 
  13. Ghianni, Tim (20. mars 2005). «Life's been a wild ride». The Tennesseean. Henta 23. oktober 2022 – via steppenwolf.com. 
  14. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 164. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: John Kay