Mont Ventoux

Mont Ventoux er eit fjell i Provence sør i Frankrike, om lag 20 km nordaust for Carpentras i Vaucluse. Fjellet har ei høgd på 1 909 meter over havet, og er det klart største fjellet i området, og har vorte kalla «Giganten i Provence». Fjellet ligg på grensa til departementet Drôme.

Mont Ventoux
fjell
140608 Mont-Ventoux-03.jpg
Nordsida av toppen av Mont Ventoux
Land Flag of France.svg Frankrike
Fjellkjede Ytterkanten av Alpane
Høgd 1 909 moh.
Koordinatar 44°10′N 5°17′EKoordinatar: 44°10′N 5°17′E

Mont Ventoux
44°10′0″ N 5°16′0″ E
Wikimedia Commons: Mont Ventoux

«Venteux» tyder «vindfull» på fransk, og det kan verte svært vindfullt på toppen, særleg i episodar med mistralvind då ein har registrert vind opp mot 320 km/t (89 m/s). Vegen over fjellet vert ofte stengd på grunn av kraftig vind. Det opphavleg namnet meiner ein går tilbake til det første eller andre hundreåret fvt., då det heitte 'Vintur' etter den galliske fjellguden, eller 'Ven-Top', som tyder «snøkledd topp» på det gamle galliske språket. På 900-talet dukka namna Mons Ventosus og Mons Ventorius opp.

Mont Ventoux er geologisk ein del av Alpane, men vert ofte ikkje rekna som ein del av fjellkjeda, sidan det ikkje er andre høge fjell i område rundt. Det står aleine vest for Luberonkjeda, og like aust for Dentelles de Montmirail. Toppen av fjellet er berr kalkstein utan vegetasjon. Den kvite kalkesteinen gjer at fjellet ser snøkledd ut året rundt (men snødekket varer vanlegvis berre frå desember til april). På ein klår dag kan ein sjå fjellet frå lang avstand, og frå toppen har ein eit glimrande utsyn over omgivnadane og Rhônedalen.

HistorieEndra

Den første ein kjenner til som klatra til toppen acv fjellet var Jean Buridan, som steig opp under ei reise til paven i Avignon før 1334 for å utføra meteorologiske observasjonar.[1][2] Ei betre kjend klatring var den til Francesco Petrarca 26. april 1336, saman med bror sin og to tenarar, som han skreiv om i eit brev til skriftefar sin.[3][4] Dette brevet vert sett på som eit av dei tidlegaste produkta frå renessansen og humanismen, sidan fjellturen var inspirert av eit ordskifte i Livius sin Historia til Roma. Petrara vert rekna som grunnleggaren av alpinisme, sidan han uttrykte eit ynske om å klatre til toppen av Mont Ventoux berre for å nyte utsikta. Han klatra opp fjellet 26. april i lag med bror sin og to andre. Han kjende området godt sidan han budde i Avignon frå 1333 til 1349.

På 1400-talet vart det bygd eit kapell på toppen, tileigna Krossen. I 1882 vart det bygd ein vêrstasjon på toppen, men denne er ikkje lenger i bruk, og i 1960-åra vart det reist eit 50 meter høgd radiotårn her.

Plante og dyrelivEndra

 
Mont Ventoux sett frå Mirabel-aux-Baronnies

Fjellet var opphavleg skogkledd, men vart systematisk avskoga på 1100-talet fordi skipsverfta i hamnebyen Toulon kravde tømmer. Enkelte område har vorte gjenplanta etter 1860 med forskjellige lauvtre (som steineik og bøk) i tillegg til forskjellige bartre, som seder og lerketre. Litt høgare er einer vanleg.

Fjellet er ein del av artsgrensa eller økotonen for dyre- og plantelivet i nordlege og sørlege delar av Frankrike. Enkelte artar, inkludert nokre artar av edderkopp og sommarfugl, er unike for Mont Ventoux. Det er òg ein stad der ein kan sjå slangeørn.

Det biologiske særpreget vart erkjend av UNESCO i 1990 då «Réserve de Biosphère du Mont Ventoux» vart grunnlagd, eit verna område på 810 km² på og rundt fjellet.

SyklingEndra

Vegen opp Mont Ventoux er eit av dei mest krevjande fjella i sykkelrittet Tour de France, og det har vorte nytta femten gonger sidan 1951.[5] Fjellet vart verdskjend då den engelske syklisten Tom Simpson mista livet her 13. juli 1967 i ein kombinasjon av amfetamin, alkohol og heiteslag.[5] Han byrja å vingle på vegen før han ramla. Han var ørsken og fekk hjelp av publikum til å kome seg på sykkelen igjen, og han sykla til han var om lag ein halv kilometer frå toppen, der han kollapsa og fall død om, med føtene framleis festa til pedalane. Det vart funne amfetamin i sykkeltrøya og i blodet hans. I 1970 kollapsa nesten Eddy Merckx her då han vann etappen. Han fekk tilført oksygen etter målgang, vart betre, og vann til slutt heile rittet.[5]

KjelderEndra

  1. Ernest A. Moody Jean Buridan i Dictionary of Scientific Biography
  2. Michael Kimmelman, "NOT Because it's There", New York Times, 6. juni 1999.
  3. Cassirer, Ernst (January 1943). «Some Remarks on the Question of the Originality of the Renaissance». Journal of the History of Ideas (University of Pennsylvania Press) 4 (1): 49–74. JSTOR 2707236. doi:10.2307/2707236. 
  4. Halsall, Paul (August 1998). «Petrarch: The Ascent of Mount Ventoux». fordham.edu. Fordham University. Henta 5. mars 2014. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Peter Hymas (13 July 2011). «Tour de France Gallery: Mont Ventoux». Cycling News. Future Publishing Limited. Henta 13 July 2013.  See also Julian Barnes's "Tour de France 2000," (pages 71-89), in his book of essays, Something to Declare (2002).

BakgrunnsstoffEndra