Morfologisering er det språklege fenomenet at noko – som ein diakron prosess – blir meir morfologisk. Nemninga blir mellom anna nytta om det fenomenet at ei allofonisk veksling går over til å bli ei morfologisk veksling, som illustrert i dømet nedanfor.

Døme endre

Urnordisk hadde dette systemet av vokalfonem i trykksterk staving:

fremre urunda bakre urunda bakre runda
trong i u
midtre e
open a  

Urnordisk fekk på eit tidspunkt ein allofonisk regel som kan formulerast slik:

  • V → [–bakre] / __ C₀ [–bakre]
  • (Ein vokal V blir realisert som [–bakre] (= fremre) når V er følgd av ein lyd L som er [–bakre], eventuelt med ein eller fleire konsonantar mellom V og L.)

Dette innebar mellom anna at vokalfonema u uː oː a aː blei realiserte som [y yː øː æ æː] i omgjevnaden "/ __ C₀ [–bakre]". Det urnordiske substantivet foːtuR 'fot' hadde mellom anna desse bøyingsformene, her attgjevne i fonemisk og fonetisk transkripsjon:[1]

Vekslinga mellom [oː] og [øː] er her allofonisk, sidan ho er føreseieleg ut frå den fonologiske omgjevnaden. I overgangen frå urnordisk til norrønt fall korte vokalar i trykkveik staving, og R blei til r:

  • Urnordisk foːtuR [ˈfoːtuR] > norrønt foːtr
  • Urnordisk foːtiR [ˈføːtiR] > norrønt føːtr

Skiljet mellom [oː] og [øː] blei halde ved lag, men sidan dei trykkveike vokalane u og i hadde falle bort, blei no skiljet mellom [oː] og [øː] distinktivt eller fonemisk. I urnordisk var det suffiksa -uR og -iR som skilde nominativ eintal av foːtuR frå nominativ fleirtal frå kvarandre, men i norrønt var suffiks blitt like, medan skiljet mellom nominativ eintal og nominativ fleirtal kom fram gjennom rotvokalen i den fyrste forma, øː i den andre.

Med andre ord har skiljet mellom [oː] og [øː] gått over frå å vere eit reint fonologisk fenomen i urnordisk til å få ein morfologi funksjon i norrønt:

  • Skiljet har gått gjennom ei morfologisering.

Fotnotar endre

  1. Urnordisk hadde to r-fonem, som til vanleg blir skrivne r og R i translitterasjon til det latinske alfabetet.. Den fyrste, r, var tvillaust ein flikk eller ein vibrant, medan det er meir omdiskutert korleis R blei realisert.