Opna hovudmenyen

Morten Hetland (fødd 1989) er ein norsk lærar, forfattar, politikar og journalist frå Hjelmeland kommune.

Morten Hetland
Fødd 1989
Yrke skribent

Hetland debuterte i 2007 med boka «I slektas fotefar». Boka er ei slektshistorie om slekta til forfattaren, og om dagleglivet i Hjelmeland kommune. Hetland bruker målforma nynorsk. I 2008 fekk han tildelt Hjelmeland Mållag sin målpris for boka si.

Hetland har vore engasjert i frivillige lag og anna organisasjonsarbeid, noko han fekk Hjelmeland kommune sin kulturpris for i 2016.

Hetland driv sitt eige medieføretak, Hetland Media, som mellom anna gjev ut bøker med lokal interesse i Ryfylke.

Hetland har vore journalist i Bygdaposten for Hjelmeland og Strandbuen. Saman med Vegard Terøy dreiv han lokalmagasinet Mitt Hjelmeland, der han òg var journalist, grafisk formgjevar og marknadssjef.

Hetland har vore kommunestyrerepresentant i Hjelmeland sidan 2011.

BibliografiEndra

  • I slektas fotefar (lokalhistorie 2007, ny utg. 2008)
  • Gardsdrift i Hjelmeland (lokalhistorie 2008)
  • Hjelmeland Idrettslag: Sport og idrettsglede i hundre år (jubileumsbok om Hjelmeland Idrettslag 2012)
  • Småstubbar: Soger segner og sanne historier (historiesamling, 2015), Morten Hetland og Vegard Terøy (red.)

KjelderEndra