Morten Wold
norsk politikar
Morten Wold (fødd 22. juni 1967) er ein norsk politikar (Frp) som representerer Buskerud på Stortinget i perioden 2013-2017. På tinget sit han i helse- og omsorgskomitéen og er varamedlem til stortingsdelegasjonen til Nordisk Råd. [1]
Morten Wold | |
![]() | |
Fødd | 22. juni 1967 (56 år) Drammen kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet, Høgre |
Yrke | politikar, journalist |
Alle verv |
|
Morten Wold er journalist av yrke og har jobba i både Bygdeposten på Vikersund, Fremtiden og Se og Hør. Frå 1997 til 2008 var han tilsett i Drammens Tidende. Han starta sin politiske karriere i Høgre, og representerte partiet i Modum kommunestyre 1987-1991.[2] I 2008 fekk han permisjon frå Drammens Tidende for å jobba som informasjonsrådgjevar i Frps stortingsgruppe. [3] Her har han vorte kjend som mediemannen til Frp-leiar Siv Jensen. Hausten 2011 vart han leiar av Modum Frp. [4]
Fotnotar Endra
- ↑ Biografi på Stortinget.no
- ↑ Journalisten, 19.06.08: Se - en Frp-journalist. Vitja 28.10.13
- ↑ Norsk Journalistlag: Morten Wold til Frp. Vitja 28.10.13, arkivert frå originalen 29. oktober 2013, henta 28. oktober 2013
- ↑ Drammens Tidende, 08.12.12: Wold på vei mot Stortinget. Vitja 28.10.13