Opna hovudmenyen
Mr. Blue Sky
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet Out of the Blue
B-side «One Summer Dream»
Utgjeve 28. januar 1978 (UK)
Juni 1978 (US)
Innspelt 1977 Musicland Studios,München
Sjanger Poprock, kunstrock
Lengd 5:06, 3:45 (japansk singel)
Selskap Jet
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
«Turn to Stone»
(1977)
Mr. Blue Sky «Sweet Talkin' Woman»
(1978)


Mr. Blue Sky» er ein song av den engelske rockegruppa Electric Light Orchestra (ELO) frå det sjuande studioalbumet deira, Out of the Blue (1977). Songen var skriven og produsert av frontmannen Jeff Lynne, og er fjerde og siste stykket i suiten «Concerto for a Rainy Day», som utgjorde side tre av den originale vinylutgåva av dobbeltalbumet. «Mr. Blue Sky» var den andre singelen frå albumet, og nådde sjetteplassen på UK Singles Chart, den britiske singellista,[1] og 35. plassen på den amerikanske singellista.[2] Songen vart spelt som oppvakningssong for astronauten Christopher Ferguson på dag tre av STS-117, den siste turen til romferja Atlantis.

InspirasjonEndra

I eit intervju med BBC Radio snakka Lynne om korleis han skreiv «Mr. Blue Sky» etter å ha reist bort til ei sveitsisk fjellhytte for å spele inn oppfølgjaren til A New World Record:

« Det var mørkt og tåkete i to veker, og eg kom ikkje på ein ting. Brått kom sola fram og det var 'Wow, sjå på dei vakre Alpane.' Eg skreiv Mr. Blue Sky og 13 andre songar dei neste to vekene. »

Arrangementet til songen er blitt kalla «Beatles-aktig»,[3] med likskapar til Beatles-songen «Martha My Dear» og «A Day in the Life».[4][5]

ArrangementEndra

Det vert nytta mykje kubjølle på songen,[6] men dette er på plateomslmaget omtalt som «brannslokkar» spelt av Bev Bevan.

Dominic King skildra songen for BBC:

Mykje vokal som minnar om Gibb-brørne (Bee-Gees) og Beatles-aktige arrangement (Penny Lane-bjølla, Pepper-pustinga, arpeggio-gitarar frå Abbey Road). Men denne flotte galskapen skapar sitt eige underverk - den bøyelege gitarsoloen, funky cello-refrenget, og den mest «freak-atastiske» vocoderen sidan Sparky sin Magic piano. I tillegg til det musikalske bakhaldsåtaket på «way» ved 2.51 er framleis spanande. Og det er før den symfoniske Swingle Singers/RKO Tarzan-film/Rachmaninoff-aktige finalen starta. Kitsch, men likevel særs oppstemmande.[7]

Det vert nytta mykje vocoder på stemma som seier «Mr. Blue Sky».

ListerEndra

Liste (1978) Plassering
Australian Kent Music Report Singles Chart[8] 87
Nederlandske GfK-lista[9] 8
Tyskland - Media Control[10] 27
UK Singles Chart[1] 6
US Billboard Hot 100[2] 35
US Cash Box Top 100 Singles 27
US Record World Singles[11] 33

MusikkvideoEndra

Det vart gjeve ut ein musikkvideo for songen seint i 2012 via den offisielle nettsida til ELO[12] og YouTube,[13], ein fargerik animasjonsfilm regissert av Michael Patterson og Candace Reckinger med animasjonssekvendar designa og animert av studentar ved University of Southern California.[14]

Andre versjonarEndra

Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album..[15]

I mediaEndra

I 2002 vart songen spelt inn på ny av Lynne for ein Volkswagen-reklame kalla «Bubble Boy». Denne vart nytta som kjenningsmelodi i LAX, ein kortvarig fjernsynsserie i 2004-2005 frå Los Angeles lufthamn.

Songen vart nytta i 2006 i Doctor Who-episoden kalla «Love & Monsters». CSI: Crime Scene Investigation nytta songen i episoden «Lab Rats» (sesong 7, episode 20).

Han vart spelt 27. februar 2011 på Wembley stadion etter at Birmingham City F.C. vann ligacupfinalen, og vart spelt før kvar heimekamp til dette laget. Jeffe Lynne kjem frå Birmingham og er stor fan av laget.

Songen er nytta i American Dad! (2011, sesong 6, episode 9).

Han vart spelt under avslutningsseremonien under sommar-OL 2012 i London, i tillegg til opningsseremonien.

Songen er nytta i filmane Eternal Sunshine of the Spotless Mind, The Magic Roundabout, The Game Plan, «Doogal», Megamind, Paul Blart: Mall Cop, The Invention of Lying, Role Models, A Smile as Big as the Moon og Martian Child.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12. februar 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Electric Light Orchestra - Awards». AllMusic. Henta 12. februar 2015. 
  3. «Mr. Blue Sky – Electric Light Orchestra (ELO) |». Toponehitwonders.com. 22. april 2009. 
  4. «Mr. Blue Sky by Electric Light Orchestra Songfacts». Songfacts.com. 19. oktober 2007. 
  5. «THE BEATLES The Beatles music review by MrCleveland». Progarchives.com. 
  6. [1]
  7. BBC. «BBC - Radio 2 - Sold On Song - TOP 100 - Number 18 - Mr Blue Sky». BBC. Henta 16. februar 2015. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. Hung, Steffen. «Discografie Electric Light Orchestra». dutchcharts.nl. Henta 13. februar 2015. 
  10. «charts.de - Electric Light Orchestra». charts.de. Henta 13. februar 2015. 
  11. Hawtin, Steve. «Song artist 171 - Electric Light Orchestra». Tsort.info. Henta 13. februar 2015. 
  12. «Official Music Videos : elo». Henta 16. februar 2015. 
  13. «ELO - Mr. Blue Sky (official video - 2012 version)». YouTube. Henta 16. februar 2015. 
  14. «School of Cinematic Arts News - USC School of Cinematic Arts». cinema.usc.edu. Henta 16. februar 2015. 
  15. «Releases : elo - Mr. Blue Sky - The Very Best of Electric Light Orchestra». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 13. februar 2015. 

BakgrunnsstoffEndra