Opna hovudmenyen

Out of the Blue av Electric Light Orchestra

Out of the Blue
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Utgjeve 3. oktober 1977
Innspelt Mai–august 1977, Musicland Studios, München
Sjanger Symfonisk rock, progressiv rock, kunstrock
Lengd 70:12
Selskap Jet (UK)
United Artists (US)
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
The Light Shines On
(1977)
Out of the Blue Three Light Years
(1978)
Singlar frå Out of the Blue
  1. «Turn to Stone»
    Utgjeve: Oktober 1977
  2. «Mr. Blue Sky»
    Utgjeve: Januar 1978
  3. «Sweet Talkin' Woman»
    Utgjeve: Februar 1978
  4. «Wild West Hero»
    Utgjeve: Mai 1978
  5. «It's Over»
    Utgjeve: Oktober 1978

Out of the Blue er det sjuande studioalbumet av den britiske rockegruppa Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i oktober 1977 som eit dobbeltalbum. Alle songane var skrivne og produserte av Jeff Lynne. Albumet er eit av dei bestseljande i heile historia til gruppa.

InnspelingEndra

Jeff Lynne skreiv heile albumet på tre og ei halv veke etter eit kreativitetsutbrot i ei fjellhytte i dei sveitiske Alpane. Det tok så to månader å spele det inn i München. Side tre av den originale LP-utgåva består av den symfoniske Concerto for a Rainy Day, som består av fire separate songar som i lag dannar ein samanhengande suite. Concerto-suiten var siste gong Lynne arbeidde med symfonisk rock.

PlateomslagEndra

Det store romskipet på omslaget av albumet vart designa av Kosh med teikningar av Shusei Nagaoka. Det var basert på logoen Kosh designa for ELO på det førre albumet deira, A New World Record,[1] og er knytt til Star Wars og Close Encounters of the Third Kind som var særs populære på denne tida. Det ser òg ut som ein romstasjon frå 2001: A Space Odyssey (1968).[2] Nummeret JTLA 823 L2 som står på romskipet som kjem fram til romstasjonen, er det originale katalognummeret på albumet. Romskipstemaet vart teke vidare på turneen etter dette albumet, då heile scenen var forma som eit romskip.

UtgjevingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [3]
Pitchfork Media(8.1/10)[4]
Rolling Stone(negativ)[5]

Albumet hadde eit førehandssal på fire millionar eksemplar og selde raskt til fleire gonger platinaplate då det kom ut. Out of the Blue inneheldt fem songar som vart hitsinglar i forskjellige land, og var det bestseljande albumet til ELO. Det var òg det første doble albumet i historia i historia til britiske hitlister, som gav fire singlar på topp 20 i Storbritannia.Lynne reknar A New World Record og Out of the Blue som dei beste albuma til bandet,[6][7] og begge selde særs bra. Lynne fekk den første Ivor Novello-prisen sin for bidraga sine til britisk musikk i 1978.

Billy Altman skreiv i ei melding i januar 1978 i Rolling Stone at han følte albumet var «omhyggeleg produsert og framført» og synte påverknad frå the Beach Boys, the Bee Gees og the Beatles, men at resultatet til slutt var «holt og middels».[8] Kritikken har mildna i løpet av åra, som til dømes i meldinga til Rob Mitchum frå 2007: «Å kalle inn ein strykeseksjon og bestille eit plateomslag med eit romskip på kan vere å gamble stort, men Out of the Blue er eit bevis på kor bra det kan høyrast ut når ein nyttar ein storslått tilnærmingsmetode.»[9]

Albumet er inkludert i boka 1001 Album You Must Hear Before You Die.[10]

Den 3. oktober 2013 vart albumet rangert på 23. plassen for dobbeltalbum som har seld minst 1 million selde einingar på VH1-programmet Double Trouble.[11]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Turn to Stone»   3:47
2. «It's Over»   4:08
3. «Sweet Talkin' Woman»   3:48
4. «Across the Border»   3:53
Side to
# Tittel Lengd
5. «Night in the City»   4:01
6. «Starlight»   4:26
7. «Jungle»   3:51
8. «Believe Me Now»   1:21
9. «Steppin' Out»   4:39
Side tre (Concerto for a Rainy Day)
# Tittel Lengd
10. «Standin' in the Rain»   4:21
11. «Big Wheels»   5:05
12. «Summer and Lightning»   4:14
13. «Mr. Blue Sky»   5:05
Side fire
# Tittel Lengd
14. «Sweet Is the Night»   3:26
15. «The Whale»   5:02
16. «Birmingham Blues»   4:23
17. «Wild West Hero»   4:42

30-årsjubileumsutgåvaEndra

30-årsjubileumsutgåva av albumet vart gjeve ut i februar 2007 med tre bonusspor, som ein del av Sony/BMG Music Epic/Legacy-serien. Utgåva kom eit avgrensa opplag i ei innbunden bok på 24 sider.

I 2012 gav Music on Vinyl ut Out of the Blue på vinyl. Dei første 1000 eksemplara vart laga på gjennomsiktig blå vinyl, medan resten var på tradisjonell svart vinyl.

Bonusspor i 2007
  1. «Wild West Hero» (Alternate Bridge – Home Demo) – 0:24
  2. «The Quick and the Daft» – 1:49
  3. «Latitude 88 North» – 3:24

MedverkandeEndra

ELO
Produksjon

ListerEndra

VekeslisterEndra

Liste (1977–79) Plassering
Australian Kent Music Report Album Chart[12] 3
Canadian RPM Album Chart[13] 2
Nederland - Mega Album[14] 3
Fransk SNEP albumliste[15] 14
Italiensk albumliste[16] 23
Japanske Oricon albumliste[17] 32
New Zealand[18] 6
Norske VG-lista[19] 3
Sverige[20] 2
UK Album Chart[21] 4
US Billboard 200[22] 4
US CashBox 5
Vesttysk Media Control albumliste[23] 7
Nyutgjeving
Liste (2007) Plassering
UK Album Chart[24] 18

ÅrslisterEndra

Liste (1977) Plassering
Australian Album Chart[12] 59
Nederland[25] 36
UK Album Chart[26] 48
Liste (1978) Plassering
Australian Album Chart[12] 11
Canadian Album Chart[27] 46
Nederland[28] 15
Italia[16] 80
UK Album Chart[26] 7
US Billboard Year-End[29] 18
Liste (1979) Plassering
UK Album Chart[26] 26

KjelderEndra

  1. Ex-Voto Films. «KOSH – Electric Light Orchestra on Vimeo». Vimeo.com. Henta 9. februar 2015. 
  2. 2001: A Space Odyssey (1968) – Posters
  3. Eder, Bruce. «Out of the Blue – Electric Light Orchestra : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18 October 2012. 
  4. Mitchum, Rob (1 March 2007). «Electric Light Orchestra: Out of the Blue | Album Reviews». Pitchfork. Henta 18 October 2012. 
  5. Altman, Billy (12 January 1978). «Internet Archive Wayback Machine». Web.archive.org. Henta 18 October 2012. 
  6. allmusic ((( A New World Record > Overview )))
  7. Wild, David. «The Story of a Rock and Roll Band and the Pop Genius Who Dared to Go Baroque.» Flashback.
  8. Billy Altman (12 January 1978). «Out of the Blue review». Rolling Stone. 
  9. Rob Mitchum (1 March 2007). «Electric Light Orchestra: Out Of The Blue». Pitchfork. 
  10. Outline Page
  11. The 35 Best-Selling Double Album Of All Time | Music News + Gossip | VH1 Music
  12. 12,0 12,1 12,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  13. Library and Archives Canada. Henta 15. februar 2015
  14. «dutchcharts.nl Electric Light Orchestra – Out of the Blue» (ASP). dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 15. februar 2015. 
  15. «InfoDisc : Tous les Album classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Electric Light Orchestra». infodisc.fr. Henta 15. februar 2015. 
  16. 16,0 16,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1978» (på Italian). hitparadeitalia.it. Henta 15. februar 2015. 
  17. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  18. «charts.org.nz Electric Light Orchestra – Out of the Blue» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 15. februar 2015. 
  19. «norwegiancharts.com Electric Light Orchestra – Out of the Blue» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 15. februar 2015. 
  20. «swedishcharts.com Electric Light Orchestra – Out of the Blue» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 15. februar 2015. 
  21. «Chart Stats – Electric Light Orchestra – Out of the Blue» (PHP). UK Album Chart. Henta 15. februar 2015. 
  22. «allmusic ((( Out of the Blue > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. Henta 15. februar 2015. 
  23. «Album Search: Electric Light Orchestra – Out of the Blue» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 15. februar 2015. 
  24. «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 15. februar 2015. 
  25. «Dutch charts jaaroverzichten 1977» (ASP) (på nederlandsk). Henta 2 April 2014. 
  26. 26,0 26,1 26,2 «Complete UK Year-End Album Charts». Henta 12 September 2011. 
  27. «RPM Top 100 Album of 1978». RPM. Henta 15. februar 2015. 
  28. «Dutch charts jaaroverzichten 1978». Dutchcharts.nl. Henta 2 April 2014. 
  29. «Top Pop Album of 1978» Check |archiveurl= value (hjelp). billboard.biz. Arkivert frå originalen 31 December 2012. Henta 13. februar 2015. 

BakgrunnsstoffEndra