I Just Want to Make Love to You

I Just Want to Make Love to You
Singel av Muddy Waters and His Guitar
B-side

«Oh Yeh»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1954
Innspelt 13. april 1954 i Chicago i Illinois[1]
Sjanger Chicago blues
Lengd 2:49
Selskap Chess (Cat. No. 1571)
Komponist Willie Dixon
Tekstforfattar Willie Dixon
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Leonard Chess, Phil Chess
Muddy Waters-kronologi 
«I'm Your Hoochie Coochie Man»
(1954)
I Just Want to Make Love to You «I Don't Know Why»
(1954)


«I Just Want to Make Love to You» er ein bluessong frå 1954, skriven av Willie Dixon og først spelt inn av Muddy Waters. Songen vart ein stor hit og nådde fjerdeplass på Billboard si R&B-liste.

Med på innspelinga til Waters var Little Walter (munnspel), Jimmy Rogers (gitar), Otis Spann (piano), Willie Dixon (bass) og Fred Below (trommer). Waters spelte inn songen igjen for albumet Electric Mud (1968).

Songen har sidan vorte spelt inn fleire gonger av andre artistar.

Andre versjonar endre

Etta James-versjonen endre

I Just Want to Make Love to You
Singel av Etta James
frå albumet At Last!
Språk engelsk
Utgjeve 1961 (b-side)

29. januar 1996(singel)

Innspelt 1960 i Chicago
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 3:03
Selskap Argo
Komponist Willie Dixon
Tekstforfattar Willie Dixon
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Leonard Chess, Phil Chess

I 1961 spelte Etta James inn songen for debutalbumet hennar At Last!. Songen vart gjeven ut som B-side til hitten «At Last» og vart populær i Storbritannia i 1996 etter han vart nytta i ein reklame for Coca Cola Light. På grunn av dette kom songen ut som singel der. Etta James-versjonen inneheld endringar i teksten som påverkar tydinga av songen. Til dømes, «I don't want you to make my bed» vart «I just want to make your bed». I staden for at kvinna i originalen unngår alt det tradisjonelle husarbeidet som kvinner gjorde, syng James at ho ønskjer å gjere dette arbeidet, i tillegg til «make love to you».

CD-singel[2]
  1. I Just Want to Make Love to You
  2. Tell Mama
  3. Stormy Weather

Lister endre

Liste (1996) Plassering
Nederland[3] 27
UK Singles Chart[4] 5
Liste (1998) Plassering
Belgia (Flandern)[5] 31
Belgia (Wallonia)[6] 15

Rolling Stones-versjonen endre

I Just Want to Make Love to You
Singel av The Rolling Stones
frå albumet England's Newest Hit Makers
A-side

Tell Me

Språk engelsk
Utgjeve 13. mai 1964
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Selskap London Records
Komponist Willie Dixon
Tekstforfattar Willie Dixon
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi 
«Not Fade Away» I Just Want to Make Love to You «It's All Over Now»


The Rolling Stones spelte inn songen, med ein noko anna tekst, for debutalbumet i 1964, The Rolling Stones (kalla England's Newest Hit Makers i USA) og gav han ut som B-sida til «Tell Me» i Amerika. Ein konsertversjon vart seinare gjeven ut på Rarities 1971-2003. Medverkande på versjonen var Mick Jagger på vokal og handklapp, Brian Jonesmunnspel, tamburin og korvokal (nær slutten av songen), Keith Richards på elektrisk gitar, Bill Wyman på bassgitar og handklapp, og Charlie Watts på trommer.

Foghat-versjonen endre

I Just Want to Make Love to You
Singel av Foghat
frå albumet Foghat
Språk engelsk
Utgjeve 1972, 1977
Innspelt 1972, 1977
Sjanger Blues rock, hard rock
Lengd 4:21
Selskap Bearsville
Komponist Willie Dixon
Tekstforfattar Willie Dixon
Låtskrivar(ar) W. Dixon
Produsent Dave Edmunds

Bluesrock-gruppa Foghat gav ut ein versjon av «I Just Want to Make Love to You» på debutalbumet i 1972 og gav ut songen som singel same året. Denne versjonen nådde 83. plassen på Billboard Hot 100 og var den første hitten deira.[7] Eit konsertopptak kom ut på Foghat Live og denne versjonen vart òg gjeven ut som singel med «Fool for the City» som B-side. Singelen vart redigert frå over åtte minutt til like under fire.[8] Denne versjonen nådde 33. plassen på Billboard Hot 100.[7]

Foghatversjonen av songen vart nytta i filmane Dazed and Confused og Halloween II. Ein versjon med anna tekst vart nytta som introduksjon til radioshowet til Wolfman Jack i 1970-åra.

Andre versjonar endre

Songen vart framført av ei supergruppe som bestod av Bo Diddley, Muddy Waters og Little WalterSuper Blues i 1967.

Songen er òg spelt av Adele, Willie Dixon, Barbara Dane, Chuck Berry, Etta James, The Sensational Alex Harvey Band, Grateful Dead, Buddy Guy, Mungo Jerry, Isaac Hayes, The Kinks, Shadows of Knight, Robben Ford, Rod Stewart, Van Morrison, Lou Rawls, The Righteous Brothers, The Yardbirds, The Animals, Janis Siegel, Meat Puppets, Cold Blood, April Wine, Louise Hoffsten, Foghat, Lee Aaron, Saxon, Cold Sweat, Nanette Workman, Jimmy Smith, Smith, Johnny Kidd & The Pirates, James Blood Ulmer, Junior Wells, Memphis Slim, Bo Diddley, Johnny Otis, Paul Rodgers, The New Orleans Radiators, Eddy Clearwater, Thornetta Davis, Botafogo, Louise Hoffsten og Cash McCall.

Ein liveversjon av Tom Petty and the Heartbreakers finst på konsertsamlinga The Live Anthology. Bob Dylan-songen «My Wife's Home Town» frå albumet Together Through Life frå 2009, er musikalsk inspirert av songen, og i omslaget er songen tilskriven Willie Dixon. Teksten er derimot heilt annleis. Den spanske songaren Soraya Arnelas gav ut ein spanskspråkleg versjon av songen, kalla «Tu Piel» i 2005 på albumet Corazón de Fuego.

The Dead Weather gav ut eit konsertopptak av songen som B-sida til «Blue Blood Blues».

The Smashing Pumpkins spelte songen live på The Double Door den 28. februar 1995. Denne kom sidan ut i 2013 på luksusutgåva av The Aeroplane Flies High.

The Violent Femmes-songen «Gone Daddy Gone» frå debutalbumet frå 1983 inneheld ein interpolasjon av teksten frå songen («I can tell by the way that you baby talk...I could love you baby, it's a crying...»)

Kjelder endre

  1. The Definitive Collection (CD liner). Muddy Waters. Geffen Records. 2006. s. 13, 15. B0006273-02. 
  2. «Etta James I Just Want To Make Love To You UK CD single (CD5 / 5") (85331)». Eil.com. Henta December 8, 2012. 
  3. «Dutchcharts.nl – Etta James – I Just Want to Make Love to You». GfK Dutch Charts. Hung Medien. Henta 15. august 2016. 
  4. «Etta James | Artist». Official Charts Company. Henta December 8, 2012. 
  5. «ultratop.be – Etta James – I Just Want to Make Love to You». Ultratop (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 15. august 2016. 
  6. «ultratop.be – Etta James – I Just Want to Make Love to You». Ultratop (på fransk). Hung Medien. Henta 15. august 2016. 
  7. 7,0 7,1 Thomas, Stephen. «Foghat - Music Biography, Credits and Diskografi». Allmusic. Henta December 8, 2012. 
  8. «I Just Want to Make Love to You» b/w «Fool for the City» 7" 45 RPM. Bearsville Records (BSS 0319).

Bakgrunnsstoff endre