Opna hovudmenyen

Sultan Muhammad V (fødd 6. oktober 1969) er konge av Malaysia med tittelen Yang di-Pertuan Agong. Han blei utropt til sultan av Kelantan den 13. september 2010 etter at faren, Sultan Ismail Petra, blei rekna som ute av stand til å styra grunna sjukdom. 13. desember 2016 blei Muhammad V utropt til Yang di-Pertuan Agong, eller statsoverhovud for heile Malaysia.

Muhammad V
Sultan-Muhammad-V.png
Yang di-Pertuan Agong
Sultan av Kelantan
Fullt namnTengku Muhammad Faris Petra ibni Tengku Ismail Petra
ReligionSunni Islam
Fødd6. oktober 1969
FødestadKota Bharu
MorTengku Anis Binti Tengku Abdul Hamid
FarSultan Ismail Petra Ibni Almarhum Sultan Yahya Petra
EktefelleTengku Zubaidah binti Tengku Nuruddin (skild)[1]
HusHuset Long Senik
FarSultan Ismail Petra Ibni Almarhum Sultan Yahya Petra
MorTengku Anis Binti Tengku Abdul Hamid
FøregangarAbdul Halim

BakgrunnEndra

Muhammad V blei fødd som Tengku Muhammad Faris Petra ibni Tengku Ismail Petra i Istana Batu i Kota Bharu i Kelantan. Han blei utnemnd til kronprins (Tengku Mahkota) av Kelantan den 30. mars 1979 og formelt innsett ved Balairong Sri i Istana Balai Besar i Kota Bharu den 6. oktober 1985. Han var elev ved Alice Smith School i Kuala Lumpur og deretter Oakham School i Rutland i England frå 1983 til 1989. Seinare studerte han diplomati og islam ved St Cross College i Oxford og ved Oxford Centre for Islamic Studies,[1] og gjekk ut i 1991.[2] Han har også studert ved Huron University College i London i Ontario i Canada, Deutsche Stiftung für Internationale Entwicklung (DSE) i Berlin og European Business School i London.

Han var ei tid gift med Y.A.M Tengku Zubaidah binti Tengku Noorudin nee Kangsadal Pipitpakdee frå Pattani-kongefamilien. Etter at paret skilde seg har han ikkje gifta seg opp att.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «King of people’s hearts - Nation». The Star Online. Henta 13. mars 2018. 
  2. «Sultan Muhammad V, the people's ruler». Mysinchew. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Muhammad V av Kelantan