Yang di-Pertuan Agong

Yang di-Pertuan Agong er den malayiske tittelen til statssjefen i valmonarkiet Malaysia, vanlegvis omsett til konge.[1] Tittelen blei innført då Malaya-føderasjonen blei sjølvstendig i 1957 og ein ny grunnlov gjorde landet til eit konstitusjonelt monarki med ein vald konge som tenestegjer i ein periode på fem år. Ordninga blei halden ved like då den utvida forbundsstaten Malaysia blei til i 1963.

Yang di-Pertuan Agong ber dette hovudplagget som symbol på stillinga si.

Grunnloven av 1957 nedfeller funksjonen og fullmaktene til Yang di-Pertuan Agong i del 4, kapittel 1.[2] Kongen blir vald av og blant herskarane i dei delstatane i Malaysia som er monarki, det vil seia sultanatene Johor, Kedah, Kelantan, Pahang, Perak, Selangor og Terengganu, rajadømet Perlis og Negeri Sembilan, der herskaren har tittelen Yang di-Pertuan Besar. Herskarane i desse statane utgjer, såen med delstatsoverhovuda (Yang di-Pertua Negeri) i dei fire andre statane, Herskarkonferansen (Majlis Raja-Raja). Herskarkonferansen utfører valet av Yang di-Pertuan Agong, men utan deltaking frå Yang di-Pertua Negeri.[3]

Liste over monarkar av Malaysia

endre

Lista omfattar monarkar som har vore monark i Malaysia frå landet blei sjølvstendig i 1957.[4]

Yang di-Pertuan Agong

endre

The following rulers have served as the Yang di-Pertuan Agong:[5]

# Bilde Namn Stat Regjeringstid Tid som konge i år Fødd Død
1   Tuanku Abdul Rahman Negeri Sembilan 31. august 1957–1. april 1960 2 24. august 1895 1. april 1960 (64 år)
2   Sultan Hisamuddin Alam Shah pre-1965}} 14. april 1960–1. september 1960 0 13. mai 1898 1. september 1960 (62 år)
3   Tuanku Syed Putra Perlis 21. september 1960–20. september 1965 4 25. november 1920 16. april 2000 (79 år)
4   Sultan Ismail Nasiruddin Shah Terengganu 21. september 1965–20. september 1970 4 24. januar 1907 20. september 1979 (72 år)
5   Sultan Abdul Halim Mu'adzam Shah
1. gong
Kedah 21. september 1970–20. september 1975 4 28. november 1927 11. september 2017 (89 år)
6   Sultan Yahya Petra Kelantan 21. september 1975–29. mars 1979 3 10. desember 1917 29. mars 1979 (61 år)
7   Sultan Ahmad Shah Pahang 26. april 1979–25. april 1984 4 24. oktober 1930 22. mai 2019 (88 år)
8   Sultan Iskandar Johor 26. april 1984–25. april 1989 4 8. april 1932 22. januar 2010 (77 år)
9   Sultan Azlan Muhibbuddin Shah Perak 26. april 1989–25. april 1994 4 19. april 1928 28. mai 2014 (86 år)
10   Tuanku Ja'afar Negeri Sembilan 26. april 1994–25. april 1999 4 19. juli 1922 27. desember 2008 (86 år)
11   Sultan Salahuddin Abdul Aziz Shah Selangor 26. april 1999–21. november 2001 2 8. mars 1926 21. november 2001 (75 år)
12   Tuanku Syed Sirajuddin Perlis 13. desember 2001–12. desember 2006 4 17. mai 1943 (81 år)
13   Sultan Mizan Zainal Abidin Terengganu 13. desember 2006–12. desember 2011 4 22. januar 1962 (62 år)
14   Sultan Abdul Halim Mu'adzam Shah
2. gong
Kedah 13. desember 2011–12. desember 2016 4 28. november 1927 11. september 2017 (89 år)
15   Sultan Muhammad V Kelantan 13. desember 2016–6. januar 2019 2 6. oktober 1969 (55 år)
16   Al-Sultan Abdullah Pahang 31. januar 2019–30. januar 2024 4 30. juli 1959 (65 år)
17   Sultan Ibrahim Iskandar Johor 31. januar 2024– 0 22. november 1958 (66 år)

Kjelder

endre
  1. Tittelen Yang di-Pertuan Agong kan også omsetjast som «han som er blitt herre», jf. «På tur for norsk næringsliv», Aftenposten, 8. mars 2010, oppdatert 12. oktober 2011.
  2. Constitution of Malaysia 1957, Commonwealth Legal Information Institute.
  3. The Rulers of Malaysia, bd. 16 i The Encyclopedia of Malaysia, Archipelago Press, 2011, s. 169.
  4. Malaysia hos rulers.org
  5. «List of His Majesty the Yang Di-Pertuan Agong». www.parlimen.gov.my. 

Bakgrunnsstoff

endre