Mumle Gåsegg er ein norsk eventyrfigur med trekk både frå morosame skrytesoger og helteeventyr.

Illustrasjon av Carl Larsson til folkeeventyret «Mumle Gåsegg» i Folksagor av Asbjørnsen og Moe (svensk omsetjing frå 1927)[1]

Mumle var fødd frå eit gåseegg som fem koner hadde ruga på. Han fekk namnet sitt frå dette, og av at han mumla mens han låg i egget. Det guten hadde mumla om, var mat – han hadde ei ovstor matlyst, men var òg utruleg sterk. Eventyret handlar om korleis det går han i livet, i møte med konge, soldatar og djevelen.

Eventyret finst i mange variantar, også på svensk. Det er klassifisert under eventyrkatalog-nummeret AT 650A, under overskrifta Strong John.

Samandrag:

«Ein gut av overnaturleg opphav forlet heimen sin på grunn av den enorm appetitten sin. Han gjer kontraktarbeid for ein bonde og ein konge, og dei gir han harde oppgåver som setter styrken hans på prøve. For di han et så uhorveleg mykje, vil dei kvitte seg med han, og kongen gir han til sist svært farlege oppgåver, som å krige, eller dra til helvete etter skatt frå fanden. Guten får til alt, og vinn kongsdottera.»

Annan bruk av Mumle Gåsegg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre