Opna hovudmenyen

Mureş (på rumensk) eller Maros (på ungarsk) er ei 725 km lang elv i Aust-Europa. Ho har utspring i Giergeukjeda aust i Karpatane i Romania og munnar ut i Tisza ved Szeged søraust i Ungarn.

Mureş
elv
MuresRiver.750pix.jpg
Mureş i Arad i Romania
Land Flag of Romania.svg Romania, Flag of Hungary.svg Ungarn
Nedslagsfelt 27 049 km²
Lengd 761 km
Middelvassføring 155 /s
Kjelde Harghita i Romania
 - høgd 850 moh.
Munning Tizsa
Wikimedia Commons: Mureș River

Mureş renn gjennom dei rumenske fylkea Harghita, Mureş, Alba, Hunedoara og Arad, og det ungarske fylket Csongrád. Byane Topliţa, Reghin, Târgu Mureş, Iernut, Luduş, Ocna Mureş, Aiud, Teiuş, Alba Iulia, Deva og Arad i Romania og Makó og Szeged i Ungarn ligg alle langs elva.

Mureş vart kalla Marisus i antikken. På tysk vart ho òg kalla Mieresch og Marosch av dei transylvanske Siebenbürgen-sakserane og det ein gong austerrikske Habsburg-styret. Salt vart frakta på elva i mellomalderen på store flåtar.

Den ungarske delen av Maros er 50 km lang (21 km av ho dannar landegrensa mellom dei to landa). Om lag 2 850 mål på nordsida av elva er ein del av Körös-Maros nasjonalpark.

KjeldeEndra