Murmanskka guovllu Sámesearvi
Murmanskka guovllu Sámesearvi, engelsk Association of Sámi in the Murmansk Region, russisk Общественная организация cаамов Мурманской области OOSMO er ein organisasjon for samane på Kolahalvøya. Murmanskka guovllu Sámesearvi har tyngdepunktet sitt i Lovozero og Revda, dvs. i kjerneområda for samisk busetnad.
Det er uklårt når OOSMO vart stifta. I følgje Rantala 2004 søkte organisasjonen om medlemskap i Samerådet i 2000, og fekk det. Stiftinga kom i alle høve etter fleire års strid i Guoládaga Sámi Searvi, der eitt av argumenta var at GSS var ein organisasjon langt unna dagleglivet til majoriteten av samane.
Begge dei to russiske sameorganisasjonane har sete i Nordisk sameråd, og det er usikkert korleis den politiske drakampen vil utklide seg.
Kjelder
endre- Rantala, Leif 2003: Nordiska samerådet 1953/1956-2003. Historikk presentert til Sametingets 18. konferanse i Honningsvåg[daud lenkje]