Nordisk sameråd
Nordisk sameråd (nordsamisk Sámiráđđi) er ein paraplyorganisasjon for samiske organisasjonar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.[1] Etter at Nordisk sameråd fekk representantar frå russisk side er det vanleg å referere til det berre som Samerådet.
Nordisk sameråd | |||
Skipa | 1956 | ||
---|---|---|---|
Leiar | Per-Olof Nutti | ||
Medlemmer | 9 organisasjon | ||
Nettstad | http://www.saamicouncil.net |
Historie
endreNordisk sameråd vart grunnlagt 1956,[1] men den første internasjonale samiske konferansen vart arrangert allereie 31.8.-3.9.1953 i Jokkmokk i Sverige. På denne konferansen vart det sett ned ein komité som fekk i oppgåve å danne eit felles sameråd. Dette samerådet skulle fremje dei økonomiske og kulturelle interessene til samane.
Dei første vedtektene for eit sameråd vart fastsette på samekonferansen i Karasjok i 1956.
Rådsmedlemmar
endreSamerådet består av 15 medlemmer, 5 frå norsk side, 4 frå svensk side, 4 frå finsk side og 2 frå russisk side. Kvar medlem har ein varamedlem.
Medlemsorganisasjonar
endre- Norske Samers Riksforbund NSR/ Norgga Sámiid Riikkasearvi
- Norske Reindriftsamers Landsforbund NBR-NRL/ Norgga Boazosápmelaččaid Riikkasearvi
- Samenes Folkeforbund SÁL/SFF Sámiid Álbmotlihttu
- Samernas Riksförbund RSR/SSR/ Sámiid Riikkasearvi
- Same Ätnam - Den Samiska Riksorganisationen RSÄ/ Riikkasearvi Sámi Ätnam
- Guoládaga Sámi Searvi GSS / Saami Association of Kola Peninsula
- Murmanskka guovllu Sámesearvi / OOSMO Saami Association of Murmansk Region
- Finske Samers Sentralforbund / Suoma Sámiid Guovddássearvi SSG/ Saami Association of Finland
- Renägarförbundet RÄF / Boazoeaiggádiid Oktavuohta (BEO) / Reindeer Herders Association of Sweden
Samekonferansar
endre- Jokkmokk, 1953
- Karasjok, 1956
- Enare, 1959
- Kiruna, 1962
- Tana, 1965
- Hetta, 1968
- Gällivare, 1971
- Snåsa, 1974
- Enare, 1976
- Arjeplog, 1978
- Tromsø, 1980
- Utsjoki, 1983
- Åre, 1986
- Lakselv, 1989
- Helsinki, 1992
- Murmansk, 1996 (Murmanskdeklarasjonen)
- Kiruna, 2000 (Kirunadeklarasjonen)
- Honningsvåg, 2004 (Honningsvågdeklarasjonen)
- Rovaniemi, 2008 (Rovaniemideklarasjonen)
- Murmansk, 2013
- Trondheim, 2017 (Tråantedeklarasjonen)
- Gällivare, 2021
Samerådets litteraturpris
endreSidan 1994 har Sámerådet delt ut Samerådets litteraturpris.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «The Saami Council», Sámiráđđi (på norsk), henta 27. april 2022
- ↑ «Litteraturpris», Sámiráđđi (på norsk), henta 31. oktober 2022