Mutual and Balanced Force Reductions
Mutual and Balanced Force Reductions (MBFR), 'Gjensidige og balanserte styrkereduksjonar', var ei rekkje forhandlingar som vart haldne i Wien mellom NATO og Warszawapaktland frå 1973 til 1989.
Opphav
endreMBFR-forhandlingane vart først føreslegne under SALT-møtet mellom president Richard Nixon og generalsekretær Leonid Brezjnev. Dei to leiarane vart samde om at den politiske sida av samtalane skulle haldast ved Konferansen for Tryggleik og Samarbeid i Europa (KSSE), medan samtalar om den militære sida ville finna stad på MBFR.[1]
Preliminære forhandlingar starta i Wien i januar 1973.[2] På det første møtet avviste den russiske sida namnet «MBFR» på grunn av at ordet «balansert» hinta om at styrkane til warszawapaktlanda, som det var fleire av i Europa enn NATO-styrkar, ville få ein større reduksjonsbyrde. Forslag til alternativ var «Gjensidig reduksjon av styrkar og materiell i Sentral-Europa» (MRFACE), ein tittel som var avtalt, men sjeldan brukt.[2]
Mål
endreMålet for forhandlingane var ein avtale om nedrusting og kontroll av konvensjonelle våpen og væpna styrkar i terriotira til Forbundsrepublikken Tyskland, Nederland, Belgia og Luxembourg (frå NATO) og Aust-Tyskland, Tsjekkoslovakia og Polen (frå Warszawapakta). Forhandlingane vart leia av representantar frå desse landa, og dessutan USA, Storbritannia, Canada og Sovjetunionen.
Historie
endreDet første møtet vart halde 30. oktober 1973 i Hofburg i Wien.[3] John Thomson, leiaren av den britiske delegasjonen, kommenterte:
- Our grey little talks are no match for the Congress of Vienna. The Viennese have greeted us in friendly fashion but have probably been disappointed with our lack of glamour and our general 'invisibility'. We have been assigned the Hofburg as the site of our formal meetings whenever they may begin. But we are not destined to use the main salons. We drab bureaucrats are to gather in the room usually reserved for waiting footmen and coachmen in Franz Josef's time. The modern Metternich is not among us. His shadow does indeed fall darkly over us while he flits from Washington to Peking to Tokyo – everywhere but Europe in this 'year of Europe'. Nor do I discern a Talleyrand or a Castlereagh at our amiable 'plenary cocktails'. Instead we have hard-working lawyers and diplomats whose first thought is to engage in drafting and whose second is to avoid publicity.[4]
1973-forslag
endreForhandlarane for Vesten la fram sitt første forslag 22. november 1973. Planen på 2 fasar inneheldt følgjande krav og lovnader:
- Fase 1: USA skal fjerne 29 000 soldatar og Sovjetunionen for å fjerna ein tankarmé (5 divisjonar, 1 700 tankar og 68 000 troppar)
- Fase 2: Ei avgrensing for begge sider på 700 000 bakkestyrkar og 200 000 luftstyrkar til saman. (Dette var posisjonen til NATO gjennom heile forhandlingane.)[3]
Warszawa-pakta sitt tilsvar var at kvar side burde redusera sine styrkar proporsjonelt snarare enn absolutt, og at både utstyr og troppetal burde reduserast.
- Kvar side skal kutta sina styrkar med 20 000
- Deretter skal 15 prosent personell og utstyr redukserast i alle land i NATO og Warszawapakta.[3]
1976
endreWarszawapaktlanda la inn eit forslag om at Sovjetunionen og USA skulle redusera bemanninga med 2 til 3 prosent, og at både USA og Sovjetunionen skulle fjerna same mengd atomstridshovud, 354 atomberande fly, SCUD-B og Pershing I bereraketter, 300 stridsvogner og eit korps-hovudkvarter.[3]
I 1976 blei dei ulike anslaga for kor mange styrkar warszawapaktland hadde i Aust-Europa eit problem som ikkje vart løyst i løpet av forhandlingane. (I 1976 oppgav warszawapaktlanda at dei hadde 815 000 bakkestyrkar og 182 000 luftvåpenstyrkar, medan NATO anslo at tala var høvesvis 956 000 og 224 000.)[3]
1979
endreI desember 1979 stoppa russarane samtalane på grunn av NATO si avgjerd om pøassera nye mellomdistanserakettar i Europa.[1]
Samtalane avslutta
endreForhandlingane enda 2. februar 1989 og vart erstatta av CFE-avtalen, Traktaten om konvensjonelle styrkar i Europa.[3]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Federation of American Scientists, "Chronology: CFE Treaty Negotiations and Implementation, 1972–1996", fas.org.
- ↑ 2,0 2,1 Donald L. Clark, "What's an MBFR?" Arkivert 2017-01-13 ved Wayback Machine.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Federation of American Scientists, "CFE Chronology : Conventional Forces in Europe Treaty", fas.org.
- ↑ HISTORICAL PAPERS: DOCUMENTS ON BRITISH POLICY OVERSEAS. Détente in Europe, 1972–76: Selected Extracts (Part 2), fco.gov.uk. Henta 21. februar 2012
- Denne artikkelen bygger på «Mutual and Balanced Force Reductions» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2017.