My Friend Stan
My Friend Stan Singel av Slade frå albumet Old New Borrowed and Blue | ||
B-side |
My Town | |
---|---|---|
Utgjeve | 28. september 1973[1] | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | Polydor Records | |
Låtskrivar(ar) | Noddy Holder, Jim Lea | |
Produsent | Chas Chandler | |
Slade-kronologi | ||
«Skweeze Me, Pleeze Me» (1973) |
My Friend Stan | «Merry Xmas Everybody» (1973)
|
«My Friend Stan» (skrive «MY FRIEИD STAИ») er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1973 som den første singelen frå det fjerde studioalbumet deira, Old New Borrowed and Blue.[2] Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde andreplassen på den britiske singellista og låg åtte veker inne på lista.[3] Singelen selde til sølvplate i Storbritannia i oktober 1973.[4]
«My Friend Stan» var i lag med samleplata Sladest den første utgjevinga til Slade etter den nesten dødelege bilulykka til trommeslagaren Don Powell i juli 1973.[5]
B-sida til songen var «My Town», som seinare kom ut som eit albumspor på Old New Borrowed and Blue.[6]
Det vart filma ein musikkvideo for å marknadsføre singelen, som vart spelt inn i Olympic Studios i Barnes. Videoen syner bandet som speler inn songen.[7][8] I Storbritannia framførte bandet songen på musikkshowet Top of the Pops. I Frankrike framførte dei songen på TV-showet Dimanche Salvador og i Amerika framførte dei han på TV-showet Midnight Special i 1974.[9]
Innhald
endre- 7"-singel
- «My Friend Stan» - 2:38
- «My Town» - 3:02
Salslister
endreListe (1973) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[10] | 44 |
Den belgiske singellista[11] | 7 |
Den nederlandske singellista[12] | 10 |
Den franske singellista[13] | 44 |
Den tyske singellista[14] | 5 |
Irish Singles Chart[15] | 1 |
Norwegian Singles Chart[16] | 5 |
Den sveitsiske singellista[17] | 6 |
UK Singles Chart[3] | 2 |
Andre versjonar
endreMedverkande
endre- Slade
- Noddy Holder - solovokal, guitar
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Jim Lea - piano, bass, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- Chas Chandler - produsent
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «My Friend Stan» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Slade - My Friend Stan».
- ↑ «Slade - Old New Borrowed And Blue at Discogs». Discogs.com. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ 3,0 3,1 «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 10. oktober 2021.
- ↑ «Home». BPI. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ Old New Borrowed and Blue - 2006 Salvo remaster booklet liner notes
- ↑ «Slade - Old New Borrowed And Blue at Discogs». Discogs.com. Henta 10. oktober 2021.
- ↑ «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 10. oktober 2021.
- ↑ Slade International Fan Club newsletter June - July - August 1986
- ↑ «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Slade - My Friend Stan». Ultratop.be. Henta 10. oktober 2021.
- ↑ Steffen Hung. «Slade - My Friend Stan». dutchcharts.nl. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». Arkivert frå originalen 19. mars 2005. Henta 10. oktober 2021.
- ↑ «Die ganze Musik im Internet: Charts, News». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ Steffen Hung. «Slade - My Friend Stan». Norwegiancharts.com. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ Steffen Hung. «Slade - My Friend Stan». hitparade.ch. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ «Muska». Muska.fi. 5. februar 1975. Henta 10. oktober 2021.
- ↑ «The Romans - Major Panic». Ultratop.be. Henta 10. oktober 2021.