Skweeze Me, Pleeze Me

Skweeze Me, Pleeze Me
Singel av Slade
B-side

Kill 'Em at the Hot Club Tonite

Utgjeve 22. juni 1973, September 1973 (USA)
Innspelt 1973
Sjanger
Lengd
    • 3:31 (singelversion)
    • 4:28 (fullversjon)
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar)
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
«Cum On Feel the Noize»
(1973)
Skweeze Me, Pleeze Me «My Friend Stan»
(1973)


«Skweeze Me, Pleeze Me» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1973 som ein singel utan album.[1] Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen gjekk til topps i Storbritannia og var den femte singelen deira som klarte dette. Han låg inne på lista i ti veker.[2] Songen selde til sølvplate i Storbritannia i juli 1973.[3] Songen vart inkludert på samleplata deira Sladest.[4]

Bakgrunn endre

Tidlegare i 1973 oppnådde Slade sin fjerde nummer éin på singellista i Storbritannia med «Cum On Feel the Noize», som også var den første singelen til bandet som nådde nummer éin i den første veka si. Denne prestasjonen hadde ikkje vorte sett sidan The Beatles sin «Get Back» i 1969. Medan dei var på turné i Amerika, gjekk bandet inn i A&M Studios i Los Angeles for å spela inn oppfølgingssingelen «Skweeze Me, Pleeze Me». Songen vart gjeven ut i juni 1973, og nådde òg topplasseringa i den første veka. Han vart verande på toppen i dei tre følgjande vekene,[2] og selde 300 000 eksemplar i den første utgjevingsveka.[5][6]

Lea hadde opphavleg ideen til refrenget til «Skweeze Me, Pleeze Me» etter å ha vitja den vanlege puben til bandet, The Trumpet i Bilston, der han såg den lokale pianisten Reg Kierle opptre.[7] Under utgjevinga av songen, var trommeslagar Don Powell involvert i ei nesten dødeleg bilulykke i juli, noko som ei kort stund kasta tvil over eksistensen til bandet. Trass i den kritiske tilstanden hans, var Powell i stand til å komma seg og bandet gjekk inn i studioet for å spela inn materiale til deira neste album Old New Borrowed and Blue seinare på året.[7]

Utgjeving endre

«Skweeze Me, Pleeze Me» kom ut på 7"-vinyl av Polydor Records i Storbritannia, Irland, over heile Europa, Skandinavia, Australia, New Zealand, Sør-Afrika, Israel, Argentina og Japan. I Amerika vart han gjeven ut av Reprise Records.[8][9] B-sida, «Kill 'Em at Hot Club Tonite», var eksklusiv for singelen og skulle seinare kome ut på samlinga B-Sides frå 2007. Bandet hadde kort vurdert å gje ut B-sida som ein singel, men bilulykka til Powell førte til at ideen vart skrota.[7] I Amerika var B-sida «My Town», eit albumspor frå Old New Borrowed and Blue.[10]

Marknadsføring endre

På grunn av bilulykka til Powell vart det ikkje filma nokon musikkvideo for å promotere singelen. Bandet dukka opp to gangar i det britiske musikkshowet Top of the Pops før krasjen til Powell.[11] Etterpå ville produsentane av showet ikkje tillata Slade å opptre som eit tremanns band, så framtidige sendingar av songen viste at studiopublikum dansa til songen i staden.[12] Før ulukka til Powell framførte bandet òg songen, saman med B-sida, på det britiske TV-programmet Lift off with Ayesha.[13]

Mottaking endre

Etter utgjevinga kommenterte Record Mirror at Holder hadde vokal som eit «tilfredsstillande utstillingsvindauge». Sjølv om dei følte at songen ikkje var ulik tidlegare songar av bandet, la dei til: «den rullande rytmen pressar det heile saman med alarmerande entusiasme og lyst».[14] New Musical Express sa: «Starten er masete, og 'whoa-whoa'-a i refrenget er ei plage. Rytmen er sterk og orda i versa er dei beste til no, men alt dette slår ikkje 'Mama Weer All Crazee Now' eller 'Gudbuy T'Jane'.»[15] Det amerikanske magasinet Cash Box oppførte singelen som ein av «vekas val» i løpet av november 1973. Dei følte at songen som vanleg var «hardtdrivande» og spådde at han ville «gje dei deira første store hit i Statane».[16]

Innhald endre

7"-singel
  1. «Skweeze Me, Pleeze Me» - 3:31
  2. «Kill 'Em at the Hot Club Tonite» - 3:20
7"-singel (Amerikansk utgåve)
  1. «Skweeze Me, Pleeze Me» - 2:55
  2. «My Town» - 3:07
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «Skweeze Me, Pleeze Me» - 2:55
  2. «Skweeze Me, Pleeze Me» - 2:55

Andre versjonar endre

Salslister endre

Liste (1973) Plassering
Australia (Kent Music Report)[20] 39
Den austerrikske singellista[21] 12
Den belgiske singellista[22] 11
Den nederlandske singellista[23] 6
Den franske singellista[24] 35
Den tyske singellista[25] 3
Irish Singles Chart[26] 1
Den norske VG-lista[27] 3
Den sveitsiske singellista[28] 4
UK Singles Chart[29] 1

Medverkande endre

Slade
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. «Slade - Skweeze Me, Pleeze Me at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 9. oktober 2021. 
  3. «Home». BPI. Henta 7. oktober 2021. 
  4. «Slade - Sladest at Discogs». Discogs. 24. mars 2010. Henta 9. oktober 2021. 
  5. «1973 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 9. oktober 2021. 
  6. Slade Fan Club Newsletter August - September 1973
  7. 7,0 7,1 7,2 «CD Album - Slade - Greatest Hits - Feel The Noize - Polydor - UK». 45worlds.com. 9. februar 2015. Henta 9. oktober 2021. 
  8. «ALL Diskografi @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 9. oktober 2021. 
  9. «Slade - Skweeze Me, Pleeze Me at Discogs». Discogs. Henta 9. oktober 2021. 
  10. «Slade - Skweeze Me, Pleeze Me / My Town - Reprise - USA - REP 1182». 45cat. Henta 9. oktober 2021. 
  11. «1973 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 3. juli 2017. Henta 9. oktober 2021. 
  12. «Slade - Skweeze Me Pleeze Me (TOTP, 1973)». YouTube. Henta 9. oktober 2021. 
  13. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 7. oktober 2021. 
  14. Record Mirror magazine 30. juni 1973
  15. New Musical Express magazine 16. juni 1973
  16. Cash Box newspaper - 17. november 1973 - Singles Reviews - page 20
  17. «Muska - Muska (CD, Album) at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  18. «James Last - Non Stop Dancing 1974 at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  19. «Online Store». THEmusicINDEX. 23. februar 1998. Henta 7. oktober 2021. 
  20. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  21. Hung, Steffen. «Slade - Skweeze Me, Pleeze Me». austriancharts.at. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 7. oktober 2021. 
  22. «Slade - Skweeze Me, Pleeze Me». ultratop.be. Henta 9. oktober 2021. 
  23. Hung, Steffen. «Slade - Skweeze Me, Pleeze Me». dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 7. oktober 2021. 
  24. «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. oktober 2013. Henta 9. oktober 2021. 
  25. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 7. oktober 2021. 
  26. Jaclyn Ward - Fireball Media Group. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 7. oktober 2021. 
  27. Hung, Steffen. «Slade - Skweeze Me, Pleeze Me». norwegiancharts.com. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 7. oktober 2021. 
  28. Hung, Steffen. «Slade - Skweeze Me, Pleeze Me». hitparade.ch. Arkivert frå originalen 10. januar 2011. Henta 7. oktober 2021. 
  29. «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 8. oktober 2016.