Myrkondor
Myrkondor (Cathartes burrovianus) er den minste medlemmen i kondorfamilien, der han er ein av tre artar i slekta Cathartes. Han er ein åtseletar som har habitat i savannar og grassletter fragmentert frå sørlege Mexico og i Sør-Amerika aust for Andesfjella.
Myrkondor | |
Myrkondor | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Område der myrkondorar hekkar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Kondorar Cathartidae |
Slekt: | Cathartes |
Art: | Myrkondor C. burrovianus |
Vitskapleg namn | |
Cathartes burrovianus |
Skildring
endreDette er den lettaste og minste medlemmen i kondorfamilien. Myrkondoren er 56-61 cm lang, vengespennet er 148-165 cm[1] og vekta varierer frå 0,8 til 1,3 kg. Fjørdrakta er svart med ein grøn glans. Halsen og sidene av hovudet er fjørlause. Hovudet og nakken er blotta for fjør, og huda er gul, med ei raudleg panne og nakke og ei gråblå krone. Irisane i auga er raude, beina er kvite og nebba er kjøttfarga. Auget har ein enkelt ufullstendig rad med augevippar på øvre augelokk og to radar på nedre augelokk. Umodne myrkondorar har brunare fjørdrakt, eit mørkt hovud og ein kvit nakke.[2]
Nebbet er tjukt, avrunda og kroka i spissen. Fremre tær er lange, men ikkje tilpassa til å gripe godt. Opninga av naseboret er langsgående, og nasebora manglar septum (skiljevegg). Som alle kondorartane, manglar myrkondor ein syrinx, og er derfor ikkje i stand til å lage nokon annan lyd enn eit lågt sus.
Han skil seg i utsjånad frå den liknande skogkondoren på fleire måtar. Han er mindre og ikkje så massivt bygd som skogkondoren, og har ein kortare, tynnare hale. Fjørdrakta er brunare enn skogkondoren sin mørke, irriserande, svarte fjørdrakt. Beina er lysare i farga, og hovudet er meir oransjefarga enn det meir gule hovudet til skogkondoren. Flukta er òg mindre jamn enn skogkondoren. Myrkondorar føretrekkjer òg å sveveflyge over savannar og andre grassletter, i motsetning til det føretrekte skogshabitatet til skogkondoren.
Leveområdet er fragmentert og spenner frå søraustlege Mexico gjennom austlege Mellom-Amerika og Sør-Amerika aust for Andes sålangt sør som inn i Paraguay, Argentina og Uruguay. Det føretrekte habitatet er våt eller overfløymt låglandsgrasmark, sumpar og sterkt ringast tidlegare skog.
Storleiken på populasjonen vart estimert til mellom 0,5 og 5 millionar individ i 2008. Bestanden er trudd å vere stabil. IUCN har kategorisert arten som livskraftig, LC.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lesser yellow-headed vulture» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2021.
- Eitniear, J. C. (2020). Lesser Yellow-headed Vulture (Cathartes burrovianus), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lyhvul1.01
- Referansar
- ↑ Howell, Steve N.G.; Webb, Sophie (1995). A Guide to the Birds of Mexico and Northern Central America. New York: Oxford University Press. s. 175. ISBN 0-19-854012-4.
- ↑ Hilty, Stephen L. (1977). A Guide to the Birds of Colombia. Princeton University Press. s. 87. ISBN 0-691-08372-X.
- ↑ BirdLife International (2021) Species factsheet: Cathartes burrovianus. Henta 21. november 2021