Opna hovudmenyen

NM i fotball for kvinner er ein fotballcup der ein etter fleire rundar kårar ein vinnar i ein finale som spelast dagen før cupfinalen for menn. Vinnaren får tittelen Noregsmeister og kongepokalen for fotball for kvinner.

Innhaldsliste

FinalaneEndra

Finalane er vorte spelt ulike stader. Den første finalen vart spelt på Ullevaal Stadion. Deretter vart kampane spelt på eit av laga sin heimebane fram til og med 1988. Det vart flytta til ein fast stad, Bislett Stadion, i 1989, og heldt seg der til og med 1994-finalen. Frå finalen i 1995 til og med 2005 vart finalane spelt på Ullevaal Stadion igjen, men etter at det regna tungt under kvinnefinalen det året, vart banen nærast uspelbar for finalen for herrar. Det vart då vedteke å flytte banen tilbake til Bislett stadion, der kampane vart spelt frå 2006 til 2008. Telenor Arena har sidan vore arena.

TurneringaEndra

Turneringa har sidan 1985 vorte spelt som utslagsturnering over seks rundar. Til og med semifinalen (5. runde) spelast kampen på eitt av laga sine heimebane; NFF avgjer kva for eit lag som får retten til heimebane. Sidan 1990 har laga i den øvste divisjonen (per 2013 12 lag) blitt seeda inn i 2. runde. Dei øvrige laga blir valt ut av NFF; alle lag på andre nivå får plass, dei øvrige laga veljast ut etter geografiske og sportslege kriterium. I 2010 deltok til dømes to lag frå 3. divisjon for å representere Vestfold krins, medan fleire lag i 2. divisjon frå Vestlandet og Nord-Noreg ikkje vart teke ut.

Til og med 3. runde blir kampane sett opp av forbundet etter geografiske kriterium. Kvartfinalen og semifinalen blir trekt.

Noregsmeistrar i fotball for kvinner (19782012)Endra

SamanlagtEndra

etter finalen 2012

1. Trondheims-Ørn 8 sigrar, 6 tap
2. Asker 5 sigrar, 8 tap
3. Røa 5 sigrar, 2 tap
4. BUL 5 sigrar, 1 tap
5. Sprint-Jeløy/Athene Moss 4 sigrar, 6 tap
6. Stabæk 2 sigrar, 0 tap
7. Klepp og Setskog/Høland/Team Strømmen, 1 siger, 3 tap
9. Kolbotn, 1 siger, 2 tap
10. Sandviken 1 siger, 1 tap
11. Medkila og Bøler 1 siger, 0 tap
13. Bjørnar/Arna-Bjørnar 0 sigrar, 2 tap
14. Donn, 0 sigrar, 1 tap

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra