Opna hovudmenyen
Denne artikkelen handlar om tikronemynten. Sjå evt også tikronesetel



Tikrone eller tikroning vart frå 1874 til 1910 utmynta i gull som norsk hovudmynt. Frå 1983 har tikronen vore utmynta som ordinær skiljemynt.

GulltikronaEndra

Etter Lov om Pengevæsenet, vedteken 17. april 1875, skulle 248 tikronestykke innehalde 1 kilogram fint gull. Mynten skulle vere framstilt av myntgull med 90 vektdelar gull og 10 vektdelar kopar. Diameteren skulle vere 18 mm.

Den første utgåva hadde valøren oppgitt både i 2 1/2 spd og 10 kroner. Utgåva frå 1910 hadde portrettet av Håkon VII på adversen og Heilag-Olav på reversen.

MinnemyntEndra

Til 150-årsjubileet for den norske grunnlova vart det produsert ei tikrone på bilete av Eidsvollsbygningenreversen.

SkiljemyntEndra

Tikrona kom som skiljemynt i 1983. Den første serien hadde eit kongeportrett på adversen og valøren omgitt av kjedet til St. Olavs Orden på reversen. Desse myntene er no tekne ut or sirkulasjon, men dei kan innløysast i Noregs Bank fram til 31. desember 2010.

Frå 1995 har det vore utgitt ein lettare mynt med bilete av eit stavkyrkjetak på reversen.

Ved særskilde høve er tikrona gitt ut som minnemynt. Slik mynt kan vere ordinær skiljemynt.


Norske tikroner
Myntherre Metall Vekt Gull/sølv Utmynta år Kunstnar
Oskar II gull 4,48 g 4,03 g 1874, 1877, 1902
Håkon VII gull 4,48 g 4,03 g 1874, 1877, 1902
Olav V sølv 20,00 g 18,00 g 1964 (minnemynt)
Olav V nysølv 9,00 g 1983-1991 Øivind Hansen
Olav V nysølv 6,80 g 1995- Nils Aas

KjeldeEndra