Opna hovudmenyen
Artikkelen handlar om eikronemynten, sjå evt også eikronesetel. Om valutaen, sjå norsk krone


Eikrone eller eikroning er ein mynt som har vorte utmynta i Noreg sidan 1875.

Mynten har på adversen oftast hatt eit portrett av den regjerande monarken, men nokre utgåver har vore pryda med monogramet til kongen på adversen.

reversen har mynten hatt verdinemning, det første året oppgitt som 30 Sk/1 krone. I tillegg har reversen vore pryda med riksvåpen eller ei kongekrine. Frå 1958 til 1973 hadde reversen bilete av ein hest. Frå 1997 er det prega mynt som på reversen har bilete av ein fugl som sit i eit rankeverk, ei fri attgiving av utskjeringane på portalen i Hylestad stavkyrkje.

Frå 1925 til 1951 vart koparnikkel- og nikkelmessing-mynten prega som særskiljemynt med hol midt i mynten. Også utgåva frå 1997 har hol.

Norsk eikronemynt
Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar
Oskar II sølv 7,50 g 6,00 1875-1904
Håkon VII sølv 7,50 g 6,00 1908-1917
Håkon VII koparnikkel 7,00 g 1925-51, 1951-57
Olav V koparnikkel 7,00 g 1958-1973 Per Palle Storm
Olav V koparnikkel 7,00 g 1974-1991 Øivind Hansen
Harald V koparnikkel 7,00 g 1992-1996 Ingrid Austlid Rise
Harald V koparnikkel 4,35 g 1997- Ingrid Austlid Rise

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra