Nadir's Big Chance

Nadir's Big Chance
Studioalbum av Peter Hammill
Språk engelsk
Utgjeve 1. februar 1975
Innspelt 1. til 7. desember 1974
Studio
Sjanger Progressiv rock, garasjerock, proto-punk, kunstrock
Lengd 48:24
Selskap Charisma
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi 
In Camera
(1974)
Nadir's Big Chance Over
(1977)


Nadir's Big Chance er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på Charisma Records i 1975.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Sounds(positiv)[2]
Tentative Reviews4/5 stars[3]

Det vart spelt inn kort tid etter avgjersla om å starte opp att bandet Van der Graaf Generator (der Hammill var songar og fremste låtskrivar) og Nadir's Big Chance er faktisk spelt inn av besetninga i Van der Graaf Generator.

Stilen på songane på albumet varierer mykje, som Hammill sjølv skriv i notata i plateomslaget, der han kallar dei «kjøtfulle punksongar, tårevåte balladar og spankluerande soul».

I ei radiosending i 1977 på Capital Radio spelte John Lydon frå Sex Pistols to av songane frå albumet, «The Institute Of Mental Health, Burning» og «Nobody's Business», og uttrykte ovundring for Hammill.[4]

Albumet inneheld to av dei mest framførte balladane til Hammill, «Been Alone So Long» (skriven av Judge Smith) og «Shingle Song», ei omarbeidd utgåve av den første singelen til Van der Graaf Generator frå 1968, «People You Were Going To».

Det var første gongen Hammill brukte eit Hohner clavinet D6-piano, som han kom til å bruke mykje på dei neste Van der Graaf Generator-albuma (særskild Godbluff).

På songen «Pushing Thirty» (frå The Future Now, 1978) hevdar Hammill at han «framleis kan vere Nadir». Rikki Nadir-personen dukka opp att i oktober 1979 då Hammill gav ut singelen «The Polaroid» under dette namnet, med «The Old School Tie» frå pH7 som B-side. Denne kom ut på somme amerikanske utgåver av pH7.

«Been Alone So Long» vart omarbeidd for Hammill-albumet The Love Songs frå 1984.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivarLengd
1.«Nadir's Big Chance» 3:27
2.«The Institute of Mental Health, Burning»Hammill, Chris Judge Smith3:50
3.«Open Your Eyes» 5:10
4.«Nobody's Business» 4:15
5.«Been Alone So Long»Chris Judge Smith4:20
6.«Pompeii» 4:50
Total lengd:26:02
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Shingle Song»4:10
2.«Airport»3:02
3.«People You Were Going To»5:10
4.«Birthday Special»3:40
5.«Two or Three Spectres»6:20
Total lengd:22:22

Medverkande endre

Technical endre

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. «Don't ignore this one». Sounds. Henta 26. juli 2020. 
  3. «Review». Tentative Reviews. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 26. juli 2020. 
  4. «There has been an error». www.fodderstompf.com. Henta 26. juli 2020. [daud lenkje]