Nahal Qana
Nahal Qana (hebraisk נחל קנה) er ei periodevis flytande elv i Israel, og den nordlegaste sideelva til Yarkonelva.
Nahal Qana | |||
elv | |||
Nahal Qana
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral-Israel | ||
Koordinatar | 32°7′37.32″N 34°53′43.48″E / 32.1270333°N 34.8954111°E | ||
Kjelde | Gerisim | ||
Nahal Qana 32°07′37″N 34°53′43″E / 32.127°N 34.8954°E | |||
Kart som viser Nahal Qana.
| |||
Wikimedia Commons: Wadi Qana |
Nahal Qana spring ut i Gerisim, og flyt ut på Sharonsletta nær Jaljulia før ho munnar ut i Yarkon like vest for staden Motorveg 5 kryssar elva. Ho renn sør for Immanuel, Karnei Shomron, Ma'ale Shomron, Alfei Menashe, Nirit, Kfar Saba og Hod HaSharon og nord for Yakir, Nofim, Etz Efraim, Sha'arei Tikva, Oranit og Horshim.
Historie
endreNahal Qana var ein gong grense mellom Efraim-stamma og Manasse-stamma.[1] I 1980-åra vart det oppdaga ei grotte der.[2]
Naturreservat
endreSidan 2006 har området kring Nahal Qana vore eit naturreservat, oppretta av Israel natur- og parktilsyn.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nahal Qana» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Josva 16:8
- ↑ Gopher, Avi. «The Nahal Qanah Cave: Earliest Gold in the Southern Levanten». Tel Aviv universitet. Henta 1. oktober 2014.[daud lenkje]
- ↑ «Nahal Qana» (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen 13. mars 2012. Henta 1. oktober 2014.