Ståle
mannsnamn
(Omdirigert frå Namnet Stål)
Ståle og Stål er mannsnamn, av norrønt Stáli, av 'stål, herda jern'.
Ståle har i Noreg namnedag 5. desember.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet var opphavleg eit tilnamn. Bruken av namnet fekk eit oppsving i etterkrigsåra, med ein topp like etter 1960.
- I folketeljinga frå 1801 var det vel 150 som hadde het Staal eller Staale, dei aller fleste i noverande Vest-Agder og Rogaland.
- I 1900 var det 85 personar som var listeførte med namneformene Staal, Staale eller Staale, då flest i Vest-Agder.
- I 2008 var det om lag 50 som heitte Staal eller Stål , om lag 3900 som heitte Staale” eller Ståle.
Kjende namneberarar
endre- Ståle Kyllingstad (1903-1987), norsk bilethoggar
- Ståle Dyrvik (f. 1943), norsk historikar
- Ståle Kleiberg (f. 1958), norsk toneskapar
- Ståle Solbakken (f. 1968), norsk fotballspelar og -trenar
- Ståle Stensaas (f. 1971), norsk fotballspelar
Oppdikta personar
endre- Ståle Krapyl, driv musikkforretning i songtekst av Øystein Sunde
Kjelder
endre- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Ståle hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet