Norsk raudliste for artar
Norsk raudliste for artar er eit oversyn over artar innanfor rika plantar, dyr og sopp som er vurderte å ha risiko for å kome bort i Noreg. Raudlisting inneber ei kategorisering av artane basert på eit sett av presise kriterium for å evaluere risiko for å døy ut innanfor omådet for dei norske politiske forvaltingseiningane.
Den norske raudlista stør opp om forvalting i samsvar med naturmangfaldlova og indirekta SN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD),[1] til dømes i kommunal aralplanlegging.[2]
I 2003 utvikla Verdas naturvernunion, IUCN, eit sett med transparente, kvantitative kriterium for å vurdere vernestatusen til artar på regionalt og nasjonalt nivå.[3] Utarbeiding av den norske lista er basert på metodikken bak IUCN si globale raudliste over truga artar. Lista er eit døme på ei regional raudliste med statusen til artar i eit bestemt land eller område. Vurderingane blir gjort saman med vitskaplege institusjonar og andre med faglig spisskompetanse. Til dømes for 2021-utgåva, deltok 19 ekspertkomitéar med 94 medlemmer.
Frå og med 2006 har Artsdatabanken utarbeidd og publisert den nasjonale raudlista for Noreg. Ho har blitt revidert kvart fjerde til sjette år, siste gang i 2021. Tidlegare hadde Direktoratet for naturforvalting ansvar for den norske nasjonale raudlista.
Gjeldande norsk nasjonal raudliste er frå 2021. Dei fremste ekspertane i landet har vurdert risikoen for om 23 578 ulike artar i Noreg kan døy ut. Totalt er 2878 artar blitt kategoriserte som truga i den nye raudlista. Tala inkluderer 371 vurderte og av dei 59 truga takson på underart og varietetsnivå av karplantar og mosar.
Kategoriar for Norsk raudliste
endre
Raudlistekategoriar
|
Kategoriar for ikkje-raudlista
|
Raudlisteartar i kategoriane Kritisk truga (CR), Sterkt truga (EN) og Sårbar (VU) blir rekna som truga artar i norsk natur.[4] I omgrepet raudlista artar ligg òg artar kategorisert som regionalt utdøydde (RE) og nær truga (NT).
Norsk raudliste 2021
endre- Norsk raudliste for artar 2021 vart publisert av Artsdatabanken 24. november 2021.[5] Oversyn over resultata for alle artsgrupper:
Gruppe | RE | CR | EN | VU | NT | LC | Vurderte | Truga | % truga |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Algar | 3 | 5 | 18 | 24 | 281 | 331 | 26 | 8 % | |
Amfibium og reptilar | 1 | 1 | 2 | 7 | 11 | 2 | 18 % | ||
Armfotingar | 12 | 12 | |||||||
Blautdyr | 1 | 3 | 5 | 8 | 666 | 683 | 8 | 1 % | |
Edderkoppdyr | 12 | 32 | 13 | 563 | 620 | 44 | 7 % | ||
Fiskar | 2 | 6 | 4 | 4 | 188 | 204 | 12 | 6 % | |
Fuglar | 3 | 11 | 18 | 33 | 28 | 141 | 234 | 62 | 26 % |
Hydrozoa[note 1] | 3 | 3 | |||||||
Insekt | 89 | 103 | 437 | 702 | 647 | 9045 | 11023 | 1242 | 11 % |
Karplantar | 8 | 44 | 122 | 131 | 167 | 901 | 1373 | 297 | 22 % |
Koralldyr | 2 | 6 | 66 | 74 | 2 | 3 % | |||
Krepsdyr | 4 | 8 | 18 | 1006 | 1036 | 12 | 1 % | ||
Lavaer | 49 | 97 | 123 | 57 | 1075 | 1401 | 269 | 19 % | |
Leddormar | 4 | 7 | 1 | 614 | 626 | 11 | 2 % | ||
Mangefotingar | 1 | 3 | 6 | 48 | 58 | 4 | 7 % | ||
Mosdyr | 1 | 7 | 8 | ||||||
Mosar | 44 | 75 | 124 | 60 | 777 | 1080 | 243 | 23 % | |
Pattedyr | 2 | 3 | 8 | 6 | 8 | 44 | 71 | 17 | 24 % |
Pigghudingar | 139 | 139 | |||||||
Sekkdyr | 74 | 74 | |||||||
Soppar | 4 | 28 | 161 | 279 | 296 | 2441 | 3209 | 468 | 15 % |
Spretthalar | 7 | 26 | 9 | 258 | 300 | 33 | 11 % | ||
Stormanetar | 5 | 5 | |||||||
Svampar | 1 | 90 | 91 | ||||||
Totalar | 107 | 288 | 960 | 1504 | 1359 | 18448 | 22666 | 2752 | 12 % |
Tala i tabellen gjeld vurderingar på artsnivå og tar ikkje med Svalbard.
Oversyn innanfor gruppene:
Tidlegare nasjonale raudlister
endre- Norsk raudliste frå 2015 inneheldt 4438 artar totalt for Fastlands-Noreg og norske havområde. 16 477 andre artar var blitt vurderte og kategoriserte som livskraftige.[6]
- Norsk raudliste for artar 2010 listar 4599 artar for Noreg med havområde. Ei liste for Svalbard tar med 71 artar.[7]
- Norsk raudliste 2006 listar 3886 artar for Noreg med havområde og Svalbard.[8]
- Nasjonal Raudliste 1998 inneheld 3062 artar.[9]
Kjelder
endre- ↑ Stortingsmeldning 14 (2015–2016) Natur for livet — Norsk handlingsplan for naturmangfold. Henta 1. mai 2022
- ↑ Miljødirektoratet Veileder - Arter i arealplanlegging. Henta 1. mai 2022
- ↑ IUCN (2003) Guidelines for Application of IUCN Red List Criteria at Regional Levels: Version 3.0. IUCN Species Survival Commission. IUCN, Gland, Switzerland and Cambridge, UK. ii + 26 pp.
- ↑ Ny raudliste syner at vi må gjere meir for å redda truga artar 24.11.2021
- ↑ Norsk raudliste 2021
- ↑ Henriksen S. og Hilmo O. (red.) 2015. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken, Norge, lest 10. april 2022
- ↑ Norsk rødliste for arter 2010, nedlastingsside hos Artsdatabanken, lest 10. april 2022
- ↑ Norsk rødliste 2006, nedlastingsside hos Artsdatabanken, lest 10. april 2022
- ↑ Norsk rødliste 1998, naturforvaltning.no, arkivert 31. august 2004 hos Internet Archive WaybackMachine, lest 10. april 2022
- Notar
- ↑ Hydroar òg kalla hydrokorallar (Hydrozoa), stormanetar (Scyphozoa), og koralldyr (Anthozoa) er alle nesledyr. Sjå sida om nesledyr hos Artsdatabanken: Tandberg AHS, Buhl-Mortensen P, Martell L (2021). Artsgruppeomtale nesledyr (Cnidaria). Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. https://www.artsdatabanken.no/rodlisteforarter2021/Artsgruppene/Nesledyr Henta 1. mai 2022
Bakgrunnsstoff
endre- Artsdatabanken (2021) Rødlista - hvem, hva, hvorfor? Norsk rødliste for arter 2021.
- Artsdatabanken, 24. november 2021, Norsk rødliste for arter 2021 Verktøy for søk og utval på ulike typar kriterium, oppslag, grafiske framsyningar av statistikk og nedlasting av liste over alle artar i alle artsgrupper med vurdering
- regjeringa.no, 24. november 2021, Ny raudliste syner at vi må gjere meir for å redda truga artar