Natalja Dobrynska
Natalja Volodymyrivna Dobrynska (fødd 29. mai 1982) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Vinnytsia som tevla i mangekamp. Ho vart olympisk meister i sjukamp i 2008 og tok EM-sølv i same øvinga i 2010.
Natalja Dobrynska | |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 29. mai 1982 (42 år) Brovary, Jakusjyntsi |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2004 |
Utmerkingar | 3. klasse av Fyrstinne Olgas orden, 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden |
Aktiv
endreDobrynska høyrde til verdseliten i mangekamp frå 2004, utan å nå opp til medaljestriden anna enn i femkamp i innandørsmeisterskapane. Ho lukkast derimot overmåte godt då ho vann gullmedaljen under sommarleikane 2008 i Beijing, der ho sette personleg rekord med 6 733 poeng, over 100 poeng meir enn sølvvinnaren. To år seinare forbetra ho den personlege rekorden med 45 poeng under friidretts-EM i Barcelona, men måtte nøye seg med sølvmedalje ettersom det var ytterlegare 45 poeng opp til europameisteren, Jessica Ennis frå Storbritannia.
I 2012 oppådde Dobrynska 5013 poeng då vann ho femkamp i innandørs-VM i Istanbul. Dermed var ho den fyrste kvinna som passerte 5000-grensa.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2004 i Aten: Nr 8 i sjukamp - 6225 poeng
- VM i 2005 i Helsinki: Nr 9 - 6144 poeng
- EM 2006 i Göteborg: Nr 6 - 6356 poeng
- VM 2007 i Osaka: Nr 8 - 6327 poeng
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje - 6733 poeng, framom Hyelas Fountain (6619 p)
- VM 2009 i Berlin: Nr 4 - 6444 poeng, bakom Kamila Chudzik (6471 p)
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje - 6778 poeng, bakom Jessica Ennis (6823 p)
- VM 2011 i Daegu: Nr 5 - 6539 poeng
- OL 2012 i London: Braut
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nataliya Dobrynska» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.