Natallja Sazanovitsj

Natallja Sazanovitsj (fødd 15. august 1973) er ein kviterussisk tidlegare mangekjempar som vann to sølv- og fire bronsemedaljar i internasjonale meisterskap-tevlingar i sjukamp i tida 1996-2003. Medaljane fordelte seg på sølv og bronse i sommar-OL, like eins i verdsmeisterskap og to EM-bronsar.

Natallja Sazanovitsj
Statsborgarskap Belarus
Fødd 15. august 1973 (50 år)
Baranavitsjy
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Sazanovitsj deltok i 1996 i dei olympiske sommarleikane i Atlanta og enda med 6 563 poeng, hennar livs beste sjukampserie, opp som toar i sjukamptevlinga etter den suveren vinnaren, Ghada Shouaa frå Syria. Etter femteplass i VM 1997 tok Sazanovitsj bronsen ved EM 1998 i Budapest. Ein ny bronsemedalje sikra ho seg i Sommar-OL 2000 i Sydney.

I mars 2001 vart Sazanovitsj innandørs verdsmeister då ho i Lisboa vann femkampen med 4 580 poeng og ny meisterskapsrekord. Seint på sommaren same året vart ho nummer to i sjukampen ved Friidretts-VM i Edmonton, klart slått av russiske Jelena Prokhorova. Året etter kom Sazanovitsj på tredjeplass ved europameisterskapen 2002 i München. År 2003 vart ho sølvmedaljør i femkamp ved innandørs-EM i Birmingham og bronsevinnar i sjukamp under verdsmeisterskapen i Paris, Carolina Klüft frå Sverige vann begge desse tevlingane.

I sitt siste meisterskap, sommarleikane 2004 i Aten, braut Sazanovitsj av tevlinga etter to greiner.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre