National Museum of Scotland

National Museum of Scotland eller Nasjonalmuseet i Skottland ligg i den skotske hovudstaden Edinburgh. Museet er både eit kulturhistorisk museum og eit teknologi- og vitskapsmuseum.[1] Den kulturhistoriske delen er vigd skotsk historie, folk og kultur, og dessutan historie, kultur og klesdrakt frå andre delar av verda. Den naturvitskaplege delen av museet har samlingar og utstillingar knytte til naturhistorie, vitskap og teknologi. Museet ligg i Chambers Street i sentrale Edinburgh. Det er del av National Museums Scotland, som i tillegg til museet i Edinburgh består av National Museum of Flight, National Museum of Rural Life og National War Museum. Det er fri tilgang til museet.

National Museum of Scotland

StadEdinburgh
Skipa1998
Kart
National Museum of Scotland
55°56′49″ N 3°11′24″ W

Arkitektur endre

Arkitekturen i bygningen var kontroversiell frå byrjinga, og dåverande prins Charles gjekk av som vernaren for museet i protest mot mangelen på rådgiving over formgjevinga av det og etter å ha uttalt at den opphavlege planen var «eit vanskapt karbunkel».[2] Han var opphavleg tenkt som ei forlenging av det tilstøytande viktorianske museet, men utvikla seg etterkvart til å bli eit eige museum i eigen rett, sjølv om dei to musea er bunde saman.

Museumsbygget består av geometriske, corbusianske former, men har òg talrike referansar til Skottland som skotske oldtidsbygningar som rundhus og festningar, såkalla defensiv arkitektur. Bygningen er belagt i gyllen sandstein frå Moray som ein av arkitektane karakteriserte som «den eldste utstillinga i bygningen», i ein referanse til skotsk geologi. Bygningen var kandidat til Stirling-prisen for 1999.

Samlingar endre

Nokre viktige gjenstandar er mellom anna:

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Things to see and do». National Museums Scotland (på engelsk). Henta 18. januar 2018. 
  2. BBC: 1991: Prince quits in museum design row

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: National Museum of Scotland