Tauposjøen (engelsk Lake Taupo) er ein innsjø som ligg på NordøyaNew Zealand. Han har ei flatevidd på 616 km², og er med det den største innsjøen på New Zealand, og den ferskvassjøen med størst overflate i Oseania.

Lake Taupo
Tauposjøen
innsjø
Land  New Zealand
Område Regionen Waikato
Innsjøtype Kratersjø
Tilsig Waitahanui-elva, Tongariro-elva og Tauranga-Taupo-elva
Utløp Waikatoelva
Nedslagsfelt 3 487 km²
Høgd over havet 356 moh.
Areal 616 km²
Middeldjupn 110 m
Volum 59 km³
Kystlengd1 193 km
Koordinatar 38°49′S 175°55′E / 38.817°S 175.917°E / -38.817; 175.917
Øyar Motutaiko Island (11 ha)[1][2]
Byar Taupo, Turangi
Kart
Lake Taupo
38°49′00″S 175°55′00″E / 38.816666666667°S 175.91666666667°E / -38.816666666667; 175.91666666667
Wikimedia Commons: Lake Taupo
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Tauposjøen har ein omkrins på om lag 193 km og ei største djupn på 186 meter. Sjøen har avløp gjennom Waikato-elva, den lengste elva på New Zealand, medan hovudtilførslene er elvane Waitahanui, Tongariro og Tauranga-Taupo. Han er kjend for aurefiske, det er innført aure og regnbogeaure i sjøen.

Vulkanisme og danning av sjøen endre

 
Tauposjøen
For meir om dette emnet, sjå Oruanuiutbrotet og Hatepeutbrotet.

Innsjøen ligg i ein kaldera som vart danna etter eit stort vulkanutbrot (sjå supervulkan) for om lag 26 500 år sidan. Ifølgje geologiske funn har vulkanen hatt 28 utbrot gjennom dei siste 27 000 åra. Det meste av materialet som er kome fram under utbrot har vore ryolittlava, men Tauharafjellet er danna av dasittlava.

Det største utbrotet, som er er kjent som Oruanuiutbrotet, har ein rekna ut kasta ut 1 170 km³ masse, og dette førte til at eit område på fleire hundre km² fall saman og danna ein kaldera. Kalderaen vart etter kvart fylt med vatn som til slutt rann over og skapte ein stor flaum.[3]

Det var fleire andre utbrot i dei neste tusenåra før det siste store utbrotet som kom i år 180. Dette er kjent som Hatepeutbrotet, og ein meiner at 100 km³ vulkansk materiale vart kasta ut, av dette vart 30 km³ støytt ut i rommet på berre nokre få minuttar. Dette er eit av dei kraftigaste vulkanutbrota i dei siste 5 000 åra (ved sida av Tianchiutbrotet på Baekdu kring år 1000, og utbrotet til Tambora) i 1815, med ein vulkaneksplosivitetsindeks på sju. Røyk- og oskesøyla var dobbelt så høg som ho som vart danna ved utbrotet til Mount St. Helens i 1980, og oska farga himmelen raud over Roma og Kina. Utbrotet la mykje av Nordøya øyde, og innsjøen vart større. Området var ubygt av menneske på den tida utbrotet hende, ettersom New Zealand ikkje vart oppdaga av māoriar før tidlegast fleire hundreår seinare. Det siste kjende utbrotet i Taupo hende kring år 210, men dette var mykje mindre enn utbrotet i 180.

Utbrotet i 180 var eit av dei største det finst historiske nedteikningar om. Himmelen og solnedgangane som vart påverka av dette utbrotet er omtala av romerske og kinesiske observatørar. Dei mogelege klimatiske verknadene av utbrota reknar ein med har gjort seg gjeldande på den sørlege halvkula på grunn av den sørlege plasseringa til Tauposjøen.[4]

Hydrotermisk aktivitet er påvist under vatn nær vulkanopninga ved Horomatangi,[5] og vulkanen vert no sett på som kvilande i staden for utsløkt. Han vert overvaka av GNS Science.[6]

Liv i sjøen endre

Opphavlege arter i sjøen er nordleg koura, ei krepseart (Paranephrops planifrons) og kokopu eller småsild (Galaxiasarter ). Sjøen er likevel mest kjend for dei rikelege førekomstane av aure (Salmo trutta) og regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss), innført frå høvesvis Europa og California seint på 1800-talet. Der har seinare vorte innført krøkle (Retropinnidae) som næring for auren.

Ei rekkje arter svampar og andre blautdyr held til ved dei geotermiske utløpa under vassyta.[5]

Turisme endre

 
Satellittfoto av Tauposjøen frå NASA.
 
Steinrelieff laga i Mine Bay in 1979 av Matahi Whakataka-Brightwell og John Randall. Det er kalla Ngatoroirangi etter øvstepresten som bringa vulkanismen til New Zealand i maorisegner. Det ti meter høge biletet skal verja Tauposjøen frå vulkansk aktivitet.

Turisme er ein stor næringsveg i distriktet som dreg til seg meir enn 1,2 millionar tilreisande i året. Det faktum at Tauposjøen er den største ferskvassjøen i Australasia og stundom marknadsført som den største på den sørlege halvkula,[7] og om lag på storleik med Singapore, gjer sitt til populariteten. Den travlaste tida er midtsommars, kring jul og nyttår.

Området kring sjøen har eit godt temperert klima. Maksimumstemperaturane går frå 24°C i januar til 15 °C i juli, medan nattemperaturane varierer frå 16 °C om sommaren og ned til 5 °C om vinteren. Det meste av nedbøren fell om sommaren [8].

Området har populære tilskipingar, som til dømes det årlege sykkelløpet Lake Taupo Cycle Challenge, rundt innsjøen. Denne rundturen tek frå fire til ti timar, avhengig av syklisten. Hundrevis av friviljuge frå byen Taupo hjelper til under stemnet.

Taupo skipar kvart år i april til Oxfam-marsjen, ein 100 km lang marsj som har vorte arrangert i fleire år for å samla inn midlar til ideelle føremål.

Området er òg kjent for fallskjermhopping.

Panorama endre

Panorama over Tauposjøen.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Motutaiko Island, Department of Conservation.
  2. Laurence Cussen (1887). Lake Taupo, pp 328–331 in Notes on the Physiography and Geology of the King Country, Transactions of the Royal Society of New Zealand, 20, 317–332.
  3. Manville, Vern; Wilson, Colin J. N. (2004). «The 26.5 ka Oruanui eruption, New Zealand: a review of the roles of volcanism and climate in the post-eruptive sedimentary response». New Zealand Journal of Geology & Geophysics 47: 525–547. 
  4. Climate, History and the Modern World, Lamb, H. (1995), Routledge
  5. 5,0 5,1 de Ronde, C. E. J.; Stoffers, P.; Garbe-Schönberg, D.; Christenson, B. W.; Jones, B.; Manconi, R.; Browne, P. R. L.; Hissmann, K.; Botz, R.; Davy, B. W.; Schmitt, M.; Battershill, C. N. (2002). «Discovery of active hydrothermal venting in Lake Taupo, New Zealand». Journal of Volcanology and Geothermal Research 115 (3–4): 257–275. Bibcode:2002JVGR..115..257D. doi:10.1016/S0377-0273(01)00332-8. 
  6. «GeoNet Taupo». www.geonet.org.nz. 
  7. Taupo on www.newzealand.com
  8. GHCN Climate Database, Goddard Institute of Space Studies, www.giss.nasa.gov

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Lake Taupo frå Wikivoyage