Nawal El Moutawakel

Nawal El Moutawakel (fødd 15. april 1962) er ein marokkansk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 400 meter hekk. Sidan 1990-åra har ho hatt leiande posisjonar i idrettsorganisasjonar og vore sportsminister i Marokko.

Nawal El Moutawakel


Statsborgarskap Marokko
Fødd 15. april 1962 (61 år)
Casablanca
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, ridder av Løveordenen

Aktiv endre

Moutawakel vann både korthekken og langhekken ved afrikameisterskapen 1982 i Kairo. Ho deltok året etter i begge øvingane under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, der ho i langhekktevlinga tok seg til semifinalane og på korthekken rauk ut allereie i forsøket.

Under OL 1984 i Los Angeles gjorde Moutawakel sitt livs løp på 400 m hekk og tok den olympiske gullmedaljen på tida 54,61 sekundar. Ho vart dermed den fyrste kvinna frå eit muslimsk land som vart olympisk meister. I 1987-sesongen sigra ho på langhekken både i universiaden og middelhavsleikane, men gjorde eit svakt løp i verdsmeisterskapen og forsvann frå den internasjonale idrettsarenaen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1983 i Helsinki: Utslått i semifinalane i 400 m hekk (57,10 =nr 12)
  • OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje i 400 m hekk – 54,61, framom Judi Brown (55,20)
  • VM 1987 i Roma: Utslått i forsøka i 400 m hekk (57,23 =nr 18)

Politikk endre

Moutawakel har hatt posisjonar i Det internasjonale friidrettsforbundet sidan 1995. Frå 1998 har ho vore medlem i Den internasjonale olympiske komitéen, styremedlem frå 2012. I 2007 vart Moutawakel utnemnd til sportsminister i Marokko.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre