Near Sawrey og Far Sawrey

landsbyar i England

Near Sawrey og Far Sawrey er to nabolandsbyar i Furness i Cumbria nordvest i England. Dei ligg i Claife parish i Lake District,[1] mellom innsjøane Esthwaite Water og Windermere. Dei ligg omlag 2 miles søraust for den noko større landsbyen Hawkshead.[2] Begge landsbyane ligg langs vegen B5285, som går frå Hawkshead til vestkaien til Windermere Ferry, ei bilferje som går over Windermere 1 mile (1,6 kilometer) til austsida av landsbyane. Near Sawrey ligg ved breidda av Esthwaite Water, medan Far Sawrey ligg ved breidda av Windermere.[3]

Near Sawrey og Far Sawrey
landsby
Land  Storbritannia
Region Nordvest-England
Fylke Cumbria
Distrikt South Lakeland
Kommune Claife
Kart
Near Sawrey og Far Sawrey
54°21′12″N 2°58′22″W / 54.3532°N 2.97271°W / 54.3532; -2.97271
Wikimedia Commons: Near and Far Sawrey

Landsbyane går minst tilbake til 1300-talet, då Near Sawrey er dokumentert som «Sourer» i 1336.[4] Namnet kjem frå norrønt og tyder surt eller gjørmete land.[5] Nament var blitt til «Narr Sawrey» på 1600-talet, noko som tyder på at Far Sawrey må ha eksistert på denne tida. I Near Sawrey ligg ein pub, medan Far Sawrey har soknekyrkja og eit hotell og pub. Ein landsbybutikk inneheldt postkontor fram til rundt 2003 og blei lagt ned rundt 2010.

Staden er kjend for tilknytinga si til Beatrix Potter. Ho vitja fyrst Near Sawrey på sommarferie med foreldra i 1896, og leigde huset Lakeland, som no er eit hotell.[2] Seinare budde på Hill Top Farm i Near Sawrey,[6] som ho kjøpte med inntektene frå The Tale of Peter Rabbit i 1896. Fleire stader i landsbyane blei nytta i biletbøkene hennar, som The Tale of Tom Kitten, The Fairy Caravan, The Pie and the Patty Pan og The Tale of Jemima Puddle-Duck. I 1913 flytta ho saman med ektemannen William Heelis til Castle Cottage på andre sida av vegen.[2]

Det går stiar mellom ferja og huset til Beatrix Potter som i stor grad unngår bilvegar.

Kjelder endre

  1. «Welcome to the Claife Parish Council website» (på engelsk). Henta 24. august 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Hahn, Daniel; Robins, Nicholas (2008). «Near Sawrey» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-861460-9. doi:10.1093/acref/9780198614609.001.0001/acref-9780198614609-e-2091. 
  3. «Sawrey - Village in Hawkshead», Visit Lake District (på engelsk), henta 24. august 2021 
  4. Hanks, Patrick; Coates, Richard; McClure, Peter (17. november 2016). «Sawrey» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-967776-4. doi:10.1093/acref/9780199677764.001.0001/acref-9780199677764-e-35912. 
  5. Mills, A. D. (1. januar 2011). «Sawrey, Far» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-960908-6. doi:10.1093/acref/9780199609086.001.0001/acref-9780199609086-e-11504. 
  6. «Near Sawrey and Far Sawrey». Visit Cumbria. Henta 13. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Near Sawrey og Far Sawrey