Wałbrzych (tysk Waldenburg) er ein by i Nederschlesiske voivodskap sørvest i Polen. Frå 1975–1998 var han hovudstad i Wałbrzych voivodskap. Han ligg om lag 70 km sørvest for regionshovudstaden Wrocław og om lag 10 km frå grensa til Tsjekkia.

Wałbrzych
by
Książborga/Fürstensteinborga i Wałbrzych.
Flagg
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Nederschlesiske voivodskap
Høgd 350 m
Areal 84,8 km²
Folketal 104 401 (31. mars 2021)[1]
Grunnlagd 800-talet
 •  Byrettar 1400
Postnummer 58-300 til 58-309, 58-316
Retningsnummer +48 074
Bilnummer DB
Kart
Wałbrzych
50°46′00″N 16°17′00″E / 50.766666666667°N 16.283333333333°E / 50.766666666667; 16.283333333333
Wikimedia Commons: Wałbrzych

Historie

endre

Dei eldste skriftlege kjeldene om byen går tilbake til 1100-talet. Mellom 1100- og 1300-talet, under Piast-dynastiet vart Książborga (Fürstensteinborga), (polsk Zamek Książ) og festninga Nowy Dwór bygd. Waldenburg fekk byrettar på 1400-talet. Etter at Piast-familien døydde ut kom Waldenburg inn under dei schlesiske riddarfamiliane, først Schaffgotsche, seinare Czettritze og frå 1738, Hochberg-familien, eigarar av Fürstensteinborga fram til 1941. Kolgruvedrift i området vart nemnd for første gong i 1536. Waldenburg vart omforma til eit industrisenter i det austlege tyskland på byrjinga av 1800-talet, då kol- og veveindustrien blømde. I 1843 fekk byen første jernbanesamband, som knytte han til Breslau (Wrocław). Tidleg på 1900-talet vart det bygd eit glasverk og ein stor porselensfabrikk, som framleis er i drift i dag. I 1939 hadde byen om lag 65 000 innbyggjarar.

Byen kom relativt uskadd frå den andre verdskrigen og voks raskt etter krigen. På byrjinga av 1990-åra vart kolgruvene rundt byen stengd.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Wałbrzych