Nedstrand kyrkje er ei langkyrkje frå 1868 i Tysvær kommune i Rogaland fylke.

Nedstrandkyrkje
kyrkje
Foto: Jarle Vines
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Haugaland
Sokn Nedstrand
Fellesråd Tysvær
Arkitekt H.D.F. Linstow og
Conrad Fredrik von der Lippe
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 15. juli 1868
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Klokker 2
Preikestol (1868)
Døypefont (1868)
Altartavle Thomas Snikkar/Peter Reimers
Orgel Bruno Christensen (1989)
Sitjeplassar 480
Kart
Nedstrand kyrkje
59°20′59″N 5°47′59″E / 59.34972222°N 5.79972222°E / 59.34972222; 5.79972222
Wikimedia Commons: Nedstrand kyrkje

Kyrkja er basert på arkitekt Linstow sine standardteikningar for ein normalplan for kyrkjebygg frå 1829. Kyrkja har mange av grunntrekka frå Linstow, men arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe stod ganske fritt i utforminga. Dei same teikningane er seinare lagde til grunn ved oppføringa av Leveld kyrkje, Torpo kyrkje og Ål kyrkje.[1]

Byggverket er i tre og har 480 sitjeplassar. Altartavla og kyrkjeklokkene er frå den tidlegare kyrkja.

Det har vore kyrkje i Nedstrand sidan mellomalderen, og ein trur at mellomalderkyrkja vart ombygd og utvida på 1600-talet slik at ho såg ut som ei tømmerkyrkje. Denne kyrkja stod på den gamle delen av kyrkjegarden, litt lengre aust. Dagens kyrkje er vest for kyrkjegarden, og det finst òg ein kyrkjegardsparsell sør for kyrkja. Prestegarden[2] er vest for kyrkja.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. «Norges kirker» om Leveld, Torpo og Ål kyrkje.
  2. Opplysningsvesenets fond om prestegarden

.