Ål kyrkje er ei langkyrkje frå 1880 i Ål kommune i Buskerud fylke. Kyrkja vart oppført av Andreas Keitel etter teikningane for Nedstrand kyrkje.

Ål kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Ål
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Hallingdal
Sokn Ål
Fellesråd Ål
Type langkyrkje
Arkitekt C.F. von der Lippe (1880),
Frederik Konow Lund (1959)
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 29. september 1880
 - Endringar 1959
Kyrkjegard Ja
Preikestol 1700-talet
Døypefont Åttekanta, 1959
Altartavle Augustus Samuel Ritter, ca. 1705
Orgel Knut Kaliff, 1996
Sitjeplassar 450
Diverse Kopi av tak frå Ål stavkyrkje. Korskille, ca. 1702.
Kart
Ål kyrkje i Ål
60°37′45″N 8°33′30″E / 60.62916667°N 8.55833333°E / 60.62916667; 8.55833333
Wikimedia Commons: Ål kirke (Ål)

Kyrkja vart ombygd i 1959 etter planar av arkitekt Frederik Konow Lund. Då vart det nygotiske interiøret i kyrkja totalt endra, og inventaret frå byrjinga av 1700-talet vart teke i bruk att. Koret fekk ein kopi av taket frå stavkyrkja[1], som hadde stått i nærleiken og vorte rive i 1880, altså same året som Ål kyrkje vart teke i bruk.

Gravkapellet vart teikna av Ole Stein og innvigd i 1947. I 1973 vart det gjort om til kyrkjestove.[2]

Ål kyrkje er prostikyrkje i Hallingdal prosti.

Litteratur endre

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 515. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. «Norges kirker». Kunsthistorie.com har ei rekkje bilder av originaltaket.
  2. «Norges kirker», jf. Kyrkjeblad for Ål Arkivert 2013-12-30 ved Wayback Machine. nr. 1/2013, s. 5.