Opna hovudmenyen

Neil Young av Neil Young

studioalbum av Neil Young
Neil Young
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 12. november 1968
Innspelt August–oktober 1968
Studio
Sjanger Folkrock
Lengd 35:32
Selskap Reprise
Produsent
Neil Young-kronologi
Neil Young Everybody Knows This Is Nowhere
(1969)


Neil Young er debutalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young. Det kom ut 12. november 1968 etter at han hadde forlate bandet Buffalo Springfield.[1] Albumet vart delvis miksa på ny og gjeve ut att 22. januar 1969 på Reprise Records. Albumet gjekk ikkje inn på Billboard 200-lista.

UtgjevingEndra

Mange kjelder oppgjev januar 1969 som utgjevingsdatoen til Neil Young, men albumet vart opphavleg gjeven ut 12. november 1968 (23-årsdagen til Young). Den første utgjevinga nytta kodingssystemet Haeco-CSG. Denne teknologien var meint å gjere stereoplater kompatible med monoplatespelarar, men hadde den uheldige effekten at lyden vart dårlegare i både stereo og mono. Young var misnøgd med lydkvaliteten på den første utgjevinga, så albumet vart delvis miksa på nytt i januar 1969 og så gjeven ut utan dette kodingssystemet. Samstundes vart «Neil Young» sett på toppen av plateomslaget. Den første utgåva hadde berre hatt portrettet av Young. Kopiar av den originale 1968-utgåva er no eit ettertrakta samleobjekt.

Neil Young vart ommastra og gjeve ut på HDCD-koda CD og digital utgåve den 14. juli 2009 som ein del av Neil Young Archives Original Release Series. Det vart òg gjeve på audiofil vinyl i desember 2009 både aleine og som ein del av ein boks med dei fire første platene til Young. Denne utgåva var berre mogeleg å få kjøpt via nettsida hans. Boksen var avgrensa til tusen eksemplar. Ein CD-versjon på 3000 eksemplar finst òg. Det har vore planlagt ein høgoppløyseleg digital blu-ray-versjon av albumet, men denne er ikkje komen ut enno.

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]
Pitchfork7.8/10[3]
Rolling Stonepositiv[4]

Rolling Stone skreiv «på mange måtar ein gledeleg reprise av Springfield gjort på ein ny måte.»[4] I ein nyare melding skildra AllMusic albumet som «ein ujamn, lågmælt introduksjon til solokarrieren til Young».[2]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Neil Young, utanom der andre er nemnde. Arrangement på «The Old Laughing Lady», «String Quartet from Whiskey Boot Hill» og «I've Loved Her So Long» av Young, Nitzsche og Ry Cooder

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Emperor of Wyoming»   2:14
2. «The Loner»   3:55
3. «If I Could Have Her Tonight»   2:15
4. «I've Been Waiting for You»   2:30
5. «The Old Laughing Lady»   5:58
Side to
# Tittel Lengd
6. «String Quartet from Whiskey Boot Hill» (Jack Nitzsche) 1:04
7. «Here We Are in the Years»   3:27
8. «What Did You Do to My Life?»   2:28
9. «I've Loved Her So Long»   2:40
10. «The Last Trip to Tulsa»   9:25

MedverkandeEndra

Produksjon

  • David Briggs – produsent
  • Dale Batchelor, Donn Landee, Mark Richardson, Henry Saskowski – lydteknikar
  • Rik Pekkonen – arrangement, lydteknikar
  • Danny Kelly – fotografi
  • Ed Thrasher – kunstnarisk leiar
  • Roland Diehl – måleri på framsida av omslaget

KjelderEndra

  1. The Village Voice (1969-02-06) «Reprise Ad – Tea Fan Seeks Mate». News.google.com. Henta 2. februar 2019.
  2. 2,0 2,1 William Ruhlmann (12. november 1968). «Neil Young – Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 2. februar 2019. 
  3. «Neil Young: Neil Young / Everybody Knows This Is Nowhere / After the Gold Rush / Harvest | Album Reviews». Pitchfork. 11. desember 2009. Henta 2. februar 2019. 
  4. 4,0 4,1 Von, Gary (5. april 1969). «Neil Young Neil Young Album Review». Rolling Stone. Henta 2. februar 2019. 

BakgrunnsstoffEndra