Neptunbreen

(Omdirigert frå Neptunebreen)

Neptunbreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis, 22 km lang og 7 km brei, som flyt aust og ut i George VI Sound og George VI-isen til sør for Triton Point. Sjølv om Neptunbreen ikkje ligg i fjellkjeda Planet Heights, har han i lag med andre brear i nærleiken fått namn etter planetar i solsystemet. Isbreen vart oppdaga frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935, og grovt kartlagt frå bilete tekne på denne flyturen av W.L.G. Joerg. Munningen av isbreen vart plassert på kartet i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE). Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter planeten Neptun etter ei landmåling av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1949. Toppen av isbreen vart kartlagt frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå FIDS i 1960.

Neptunbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 71°44′S 68°17′W / 71.733°S 68.283°W / -71.733; -68.283
Lengd 22 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Neptunbreen
71°44′00″S 68°17′00″W / 71.7333°S 68.2833°W / -71.7333; -68.2833
Neptunbreen is located in Antarktis
Neptunbreen (Antarktis)

Sjå òg

endre


Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Neptune Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).