New Blood av Blood, Sweat & Tears

album av Blood, Sweat & Tears
New Blood
Studioalbum av Blood, Sweat & Tears
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1972
Innspelt Columbia Studios, New York City
Sjanger Rock
Lengd 40:16
Selskap Columbia
Produsent Bobby Colomby
Blood, Sweat & Tears-kronologi 
Greatest Hits
(1972)
New Blood No Sweat
(1973)


New Blood er det femte studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1972.

Etter at David Clayton-Thomas slutta som solovokalist for å satse på ein solokarriere etter utgjevinga av BS&T 4, vart neste heile besetninga i bandet byta ut for New Blood. Det var oppstått vanskar mellom poprock-fraksjonen og jazz-fraksjonen i gruppa, og då Clayton-Thomas slutta tidleg i 1972 forsvann òg det originale medlemmet Fred Lipsius. Clayton-Thomas vart ei kort stund erstatta av Bobby Doyle, og det finst eit bilete av bandet som spelar på Down Beat med den nye besetninga, inkludert jazzsakfonisten Joe Henderson. Då albumet skulle spelast inn hadde Jerry Fisher teke over som ny songar, medan Doyle var gjesteartist på piano på «Touch Me» og «Velvet»). Det originale medlemmmet Dick Halligan hadde òg slutta, i tillegg til Henderson.

Albumet vart det siste Blood, Sweat and Tears-albumet som nådde topp 40 på den amerikanske albumlista. Det inneheldt ein singel, «So Long Dixie», som nådde 44. plassen. Plateomslaget, måla av Bob Schulenberg og Dean Torrence frå Jan & Dean, syner to mannlege påfuglar som sit på ein hagemur.

Ein ekstra song, «Time Remembered», vart spelt inn for albumet utan å kome med. Denne kom sidan ut på samleplata The Very Best of Blood, Sweat and Tears: What Goes Up!.

New Blood kom ut att på CD i 2005 på selskapet Wounded Bird.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic      [1]

Ross Boissoneau skreiv på Allmusic at «bandvokalen på 'Touch Me' og arrangementet av Herbie Hancock sin 'Maiden Voyage' er blant høgdepunkta, men så finn ein Bob Dylan sin 'Down in the Flood' og Steve Katz sin 'Velvet'. Gerry Goffin og Carole King sin 'Snow Queen' utjamnar nesten desse, med sensasjonelle soloar frå Dave Bargeron på trombone og Lou Marini på saksofon.»[1]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Down in the Flood»Bob Dylan4:21
2.«Touch Me»Victoria Pike, Teddy Randazzo3:33
3.«Alone»Lou Marini5:29
4.«Velvet»Jeff Kent3:31
5.«I Can't Move No Mountains»Michael Gately, Robert John2:58
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Over the Hill»Dave Bargeron4:20
7.«So Long Dixie»Barry Mann, Cynthia Weil4:28
8.«Snow Queen»Gerry Goffin, Carole King5:24
9.«Maiden Voyage»Herbie Hancock6:14

Medverkande endre

Salslister endre

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1972 Pop Albums 32

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Boissoneau, Ross. «New Blood > Review». Allmusic. Henta 9. mai 2020.